- Ikkje bra nok
Trenar Kenneth Husebø var ikkje nøgd med laurdagens oppgjer mot BI i Oshallen.
Det byrja godt, med stillinga 7 - 3 etter 10 minutt kunne det sjå ut som om dette kunne bli ein bra match for os sitt herrelag mot studentlaget BI. Men så byrja det å svinga andre vegen. Os rota mykje og det hjalp ikkje at BI sin keeper stod stødig i mål.
Etter 17 minuttar spelt stod det 8 - 8 på tavla, og til pause leia BI 13 - 15.
Halvvegs ut i andre omgang, på stillinga 19 -24, byrja osingane å vakne til, og det kunne sjå ut som dei skulle klara å ta tilbake leiinga då det berre skilte eit mål 24 - 25.
Men i dei siste minuttane før kampslutt gjorde osingane ein del feil og missa på sjansane sine. Dette gjorde at BI kunne jubla over tremåls siger då dommaren blåste av kampen på stillinga 26 - 29.
– Vi gjorde for mange feil
Husebø var ikkje nøgd med det han såg ute på banen denne laurdagen.
– Vi speler ganske godt i byrjinga, men så misser vi på alle moglegheiter.
– Dette skulle vi ha klart, og verken eg eller gutane er nøgd med kampen.
Han fortel vidare at Os sine feil slepte BI inn i kampen igjen, og gav BI- spelarane sjølvtillit. Dei "fightar" meir, medan osingane stresser.
– Vi brenn altfor mange sjansar, dette skulle vi ha redda i land når vi ledar så mykje i starten.
Henta inn forsterkningar
Å møta eit student-lag gjer det ikkje alltid lett å førebu seg på kven ein kjem til å møta. Kven som er med kan variera, og to av kveldens beste spelarar på BI var ikkje med då Os slo dei 26 - 31 i serieopninga i haust.
– Dei var eit mykje betre lag no.
Saman med strekspelar Ove Lyssand blei heimvende Isak Røen den som scora flest mål for Os med 7 nettkjenningar kvar.
– Vi har ein del ute med skader i back-rekka, så det var godt å få Isak speleklar. I tillegg har vi henta inn ein del forsterkningar til å hjelpa oss.
Os - BI 26-29 (18-23)
Utv: Os 1 x 2 min, BI 5 x 2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Hans Brunvatne, Jørgen Wold (3), Ove Lyssand (7), Mats Brunvatne, Peder Lyssand, Kasper Færøyvik, Kristian Bruarøy, Egil Thuen, Joakim Blodstrupmoen (1), Sivert Egge Drange, Isak Røen (7), Torbjørn Hjelle (4) og Håvard Bjørnør.
Nils Andris Hamre, Fredrik Andersen og Trygve Lerch Dahl var ute med skade.