Lokal | 27. juni 2013

Ikkje berre handel

Både Os Høyre og Os Venstre står på stand i Os sentrum i helga, og med seg har dei kjente profilar frå partia sine.

Ikkje berre handel
Marie Bruarøy (H) og Glenn Erik Haugland (V) (innfelt) kjem til å stå på stand på markandsdagane for Os Høyre og Os Venstre.(Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandtorsdag 27. juni 2013 17:01

Det er mykje som skjer i Os sentrum denne helga. Marknadsdagane og Osøren Blues og Jazzfestival får osingar til å trekka ut av stovene sine og inn til sentrum. Men det dreiar seg ikkje berre om handel og musikk i helga, for no nærmar det seg stortingsval og politikarane kjem til sentrum for å fri til potensielle veljarar.

Hjeltnes på tur til Os

Fredag kjem Os Høyre til å stå på stand i Os sentrum, og med seg har dei fått ein Høyremann som for mange ikkje i hovudsak er kjent gjennom politikken.

- Vi i Os Høgre kjem til å ha stand i Os sentrum fredag og er veldig glad for at Arne Hjeltnes kjem for å stå saman med oss, fortel varaordførar Marie Bruarøy.

Arne Hjeltnes som for mange er betre kjend som forfattar og som programleiar for "Gutta på tur" er ein sentral person i Høyre. Han står ikkje på lista til stortingsvalet, men er med i sentralstyret.

- Arne har eit brennande hjarte for næringsliv og distriktspolitikk, fortel Bruarøy.

Som Midtsiden tidlegare har fortalt så skal den folkekjære vossingen også vera med å opna Osøren Jazz & Bluesfestival fredag.

Les òg: Arne og Wolf opnar på Os

Eit anna trekkplaster er Ove Trellevik, ordførar i Sund kommune og som står på 6. plass på Høyre si stortingsliste.

- Ove kallar vi for "Kystens mann" og er midthordaland sin kandidat til stortinget, seier Bruarøy som legg til at begge gjestane gler seg stort til å komma til Os.

Nestleiar i Venstre

Laurdag kjem Os Venstre til å ha sin stand, og også dei har fått med seg ein kjend politikar.

Terje Breivik, nestleiar i Venstre og Hordaland Venstre sin 1. kandidat til Stortinget, kjem då for å slå av ein prat med osingane.

- Terje er mest opptatt av miljø og næringsliv og har mange gode idear til dømes for arbeidsplassar innan alternativ energi, fortel leiar i Os Venstre Glenn Erik Haugland.

Saman med Marie Bruarøy gler Haugland seg til å stå på stand i sentrum og slå av ein prat med innbyggjarane i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.