– Ikkje berre bilistane sin feil
Vegvesenet fortel om dårlege rutinar hos fleire verkstadar etter avskilting av heile ni bilar torsdag ettermiddag.
Torsdag frå klokka 12.30 til rundt klokka 18 hadde Statens vegvesen kontroll på E39 i Hjellemarka på Søfteland.
9 bilar blei avskilta, 5 andre var i ferd med å bli avskilta, men fekk ordna opp på staden og 5-6 bilar fekk mangellapp på mindre alvorlege tekniske manglar eller feil.
– Nokre av bilane som blei avskilta, og nokre av dei som redda seg inn i siste liten, hadde vore på EU-kontroll og fått utbetra eventuelle manglar, men sto utan godkjenning fordi verkstaden dei hadde vore på ikkje hadde gjort papirarbeidet ferdig, seier Lars Harald Drange og Statens vegvesen.
Pass på både dato og dokumentasjon
I tillegg til at bileigarar dei siste åra ikkje får innkalling til EU-kontroll, men må passa på å finna dato for neste kontroll sjølv, er det bileigar sitt ansvar å få dokumentasjon på at bilen er godkjent etter kontroll og utbetring av eventuelle feil.
Ein VW Golf som blei avskilta i går hadde vore på EU-godkjenning og tatt utbetringar for 22.000. Den skulle vore stempla som godkjent, men verkstaden hadde somla og bilen blei avskilta.
– Dårlege rutinar gjeld både verkstadar i Os og ein merkeverkstad i Bergen. Fleire verkstadar må skjerpa seg og bileigarane må passa på å få dokumentasjon på at bilen er godkjent. Det held ikkje berre å betala for utbetringar og få kvittering, formell godkjenning må til.
Fylte plassen
Vegvesenet kontrollerte i går trafikken mot Os, men då plassen var fylt opp flyta dei seg til den andre sida og sjekka bilan som kjørte i retning Bergen.
– Fleire av dei vi stoppa fekk ordna opp på staden, anten det var forsikring det var snakk om eller at godkjent-papir frå verkstad mangla.
– Men dei som blei stoppa etter at verkstadane var stengt måtte, sjølv om kontroll og reparasjon var utført, setja frå seg bilen, fortel Drange.