«Ikkje behov for tiltak»
Oppsummerer smitte og testing første veka etter gjenopninga.
Laurdag 25. september, på tampen av veke 38, var vi tilbake til normalen etter drygt 18 månadar med pandemi og restriksjonar.
Viruset er her framleis, men rapporteringa går no som ei oppsummering per veke til Statsforvaltaren.
I Bjørnafjorden kommune sin rapport for veke 39, altså den første veka etter gjenopninga, er det oppført til saman berre to nye smittetilfelle:
- Ein ungdomsskuleelev med kjent smitteveg. Vedkomande er delvis vaksinert, medelevar er oppmoda å testa seg og følgja godt med på eventuelle symptom.
- Kvinne i 50-åra. Ukjent smitteveg. Fullvaksinert.
To smittetilfelle er på nivå med vekene før. I veke 38 og 37 var det også 2 nye, i veke 36 og 35 var det 3 og 1 nytt tilfelle.
Rapporten inneheld ikkje berre smittetal, men også risiko for smitteauke og risiko for negative konsekvensar for innbyggarar og tenester, og kapasitet på personell og utstyr i samband med koronaberedskapen.
Teststasjonane tok om lag 200 PCR-testar sist veke.
Kommuneoverlegen melder elles om god kapasitet på personell og utstyr, låg risiko for både smitteauke og negative konsekvensar for innbyggarar og tenester, og at det ikkje er behov for tiltak utover grunnleggande smittevernråd.