Idyll og propell i Dalen
Vellykka familiedag med fly og helikopter på Øvreeide Gard.
Laurdag arrangerte Inn på tunet-garden Øvreeide Gard til familiedag for flyinteresserte.
• Les òg: I dag blir det action i Hegglandsdalen
Anne og Tore Øvreeide fekk besøk av tre sjøfly og eit helikopter av sjeldan sort; Bell UH-1E, Huey, eit av knapt ei handfull av dei som kjempa i Vietnamkrigen som framleis er i drift.
– Vi har ikkje tal på kor mange som har gjesta garden i dag, vi kom ut av teljinga då vi passerte 50-60 bilar på bakkane, fortel Tore.
– Men det har vore hektisk og det har vore stor interesse, blant anna for å sitja på med Huey.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Helikopteret, som tar ni passasjerar, hadde ni turar med publikum. Håkon Fosso hadde oppvising med dobbeltdekker.
– Eg har fått bestilling på åtte oppvisingar til no denne sommaren. Om to veker skal eg til Stord, fortel Fosso.
I videoruta under ser du litt av aktiviteten som var i Hegglandsdalen i går.
Tore og Anne hadde god hjelp av søster, svoger og andre venar til å avvikla arrangementet. Garden, som har kapasitet og fasilitetar til å ta imot mange gjestar, arrangerer sommarfest med Salty Dog-konsert neste helg.