Idun Fjeld ny leiar i Os AUF
Idun Fjeld tek over som leiar i Os AUF etter Sandra Austgulen. – Det er veldig kjekt å sjå at Os AUF har tillit til meg, seier Fjeld.
Under årsmøtet til Os AUF søndag blei Idun Fjeld vald som ny leiar av Os AUF.
– Eg er ganske nervøs ettersom at eg er relativt fersk i politikken. Men eg gler meg til å engasjera unge til å stå opp for det me meiner er rett.
– Gjennom året skal me ha ulike aktivitetar som til dømes temamøter med gode diskusjonar der ein kan treffa folk som er einig og ueinig.
– Ein kjem inga veg ved å klage på at verda er ein dårleg stad så lenge ein ikkje gjer noko med det sjølv, seier Idun Fjeld i ei pressemelding.
Flyktningesituasjonen viktig
Idun Fjeld er 17 år og studerer ved Kongshaug musikkgymnas. Hennar hjartesaker er mellom anna internasjonal politikk og miljøpolitikk.
– Saker kor menneskjer blir ramma av rein vondskap og urettferdighet, provoserer og engasjerer. Difor er flyktningsituasjonen ei viktig sak for meg.
– Det same gjeld den globale oppvarminga der folk i fattige land blir ramma av vårt utslipp og overforbruk, seier Fjeld.
Held fram i styret
Avtroppande leiar Sandra Kristin Austgulen fortsetter i styret som sekretær.
– Eg tok ikkje gjenval som leiar fordi det er viktig at engasjerte AUFere får verv ein kan utvikla seg i. Dessutan blei eg ved hausten valt inn i kommunen, og føler det vert naturleg å la andre få den gode erfaringa eit stort verv kan tilby.
– Idun er dyktig og engasjert. Det har ho blant anna vist gjennom innsatsen ho la i valkampen. Det er inga tvil om at ho vil gjera ein god jobb, seier Austgulen.
Med seg i styret får Idun Fjeld med seg Sigbjørn Haukeland, Amalie Bøyum, Sandra Kristin Austgulen, Jøran Haukeland, samt vara Sondre Benjaminsen, Vegard Boge og Robin Austgulen.