Idretten får att 800 000
Idretten i Os får vel 800 000 kroner i momskompensasjon. – Det var ei auke på 80 000 frå i fjor. Ei god julegåve å få, smiler Eivind Hodneland.
Bjørnefjorden Golfklubb er av dei idrettslaga i kommunen som får mest attende i momskompensasjon for 2012. På kontoen kjem i desse dager 233 637 kroner. Kompensasjonen er berekna ut frå brutto driftskostnader.
– Det var ei veldig god nyhet å få før jul.
– Kompensasjonen er omlag 80 000 høgre enn i fjor.
– For oss er det 100% essensielt at vi får desse midlar. Det er heilt avgjerande for både drift og utvikling av anlegget, fortel dagleg leiar ved Bjørnefjorden Golfklubb, Eivind Hodneland.
12 lag fekk attende
Totalt fekk idretten i Hordaland attende vel 22 millionar kroner. 805 156 av desse kom idrettslag i Os til gode. Her er oversikta:
Bjørnefjorden Golfklubb: 233 637,-
CK Henie: 10 260,-
Hegglandsdalen il: 7 464,-
Lysekloster il: 101 426,-
Moldegaard Ryttersportsklubb: 8 672,-
Nore Neset il: 52 378,-
Os Aero Klubb: 34 347,-
Os Roklubb: 19 929,-
Os Seilforening: 23 670,-
Os Svømmeklubb: 9 145,-
Os Turn: 242 106,-
Søfteland TIL: 59 229,-
Øyglimt: 2 893,-
Momskompensasjonen er berekan på følgande måte: Brutto driftskostnadar i 2012 * 7% som er maks kompensasjon * 69,2 % som er innvilgelsesprosenten.