Kultur | 30. jan. 2013

Idol–Eirik kjem på UKM

Medan juryen skal avgjera om nokre Jone Kuven sine tre (!) innslag skal vidare til fylkesmønstrina kjem Idol-deltakar Eirik Søfteland for å halda publikum varme.

Idol–Eirik kjem på UKM
Jone Finne Kuven stiller med heile tre innslag i UKM. Eirik Søfteland kjem for å underhalda på tampen av dagen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. jan. 2013 10:54

– I fjor hadde vi tenkt på alt, trudde vi. Då juryen skulle vurdera innslaga sto vi brått med eit hol av nokre minutt å fylla og konferansier Andreas Lindborg måtte drøya utdelinga av deltakar-diplomane lengst mogleg ut, humrar Kjetil Osablod Grønvigh.

Å arrangera UKM i Oseana, Os saman med Fusa, blei ein suksess i 2012. Amatørartistar fekk ei proff ramme på framføringa si, men i år skal det bli endå betre gjennomført.

Storebror overtar

– Vi startar klokka 17 og held fram til rundt 20.30. Pausen kjem i midten ein gong, og det som i fjor blei ein kunstpause på tampen skal i år fyllast med tre fine innslag;

ei dansegruppe av elevar frå ungdomsskulen i Fusa som har dans som valfag, rockegruppa Bone Shakers og Idol-deltakar Eirik Søfteland.

Eirk har sjølv deltatt på UKM to gongar, ein gong i Os og ein gong i Fusa med band frå nabobygda.

Sidan Andreas Lindborg speler trommer i Bone Shakers er han fristilt frå oppgåva som konferansier.

Arvtakar er storebror William Lindborg, som får med seg leiar for ungdomsrådet i Fusa, Lena Marie Schad.

– No får vi bruka dagane fram til laurdag til å læra om deltakarane og førebu oss på presentasjonane av dei enkelte, seier William.

Fleire unge frivillige

Ei gruppe på fem ungdomar i "Unge arrangører" utgjer ei viktig brikke under arrangementet.

– Når over 50 deltakarar skal innom scenen må alt gå på skjener.

– Dei unge arrangørane hjelper til med artistpleie og å halda fin flyt bak scenen, seier Grønvigh.

– Det har kome fleire frivillige som vil hjela til, eg trur vi er oppe i nesten 10 ungdomar som stiller som mannskap til arrangementet, seier Eirik Vangsnes frå Fusa kulturkontor.

God plass til publikum

Ellen Merete Lyssand frå kultureininga i Os gler seg saman med kultursjef Lisbeth Axelsen over at arrangementet har fått plass i Oseana.

– Det blei tettpakka i Fjellheim. Enkelte år måtte vi be foreldre som hadde sett sine eigne gå ut for å gje rom til foreldre som sto i kø ute fordi det rett og slett var fullt.

– I fjor hadde vi 186 publikummararar, i år har vi tru på at det kjem endå fleire. Men det blir ikkje førehandssal av billettar, alt blir selt i døra laurdag.

Sender 2 x 20 minutt vidare

Over 50 deltakarar er med på UKM i år. Nokre er solo, andre er i band, andre er solo, men kjem med fleire innslag, til saman 32 sceneinnslag står på programmet.

Her er programmet/rekkefølga på innslaga.

Årets mr UKM, uavhengig av utfall, er nok Jone Finne Kuven.

Han stiller med tre innslag, tuba, bass og i rockebandet Pink Disease. Dette er tredje året Jone deltar på UKM.

Os og Fusa kan senda til saman 20 minutt vidare til fylkesmønstringa, som i år er flytta frå Grieghallen til Oseana.

– Vi skal senda vidare eit mangfald. Dette er ikkje ein konkurranse der dei beste skal kårast, men der ein jury skal velja ulike gode innslag som skal visast på fylkesmønstringa i april, seier Ellen Merete.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.