Kultur | 20. sep. 2013

– Ideen kom over ein kaffikopp

Frode Sirevåg og Bente Haugland lanserte torsdag boka om detektiv Snok. – Det heile kom plutseleg over oss då vi koste oss med ein kopp kaffi, fortel Sirevåg.

– Ideen kom over ein kaffikopp
Frode Sirevåg og Bente Haugland signerte dei første eksemplara av "Detektiv Snok - Hvem har tråkket på meg?" torsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 20. sep. 2013 10:49

Torsdag inviterte Frode Sirevåg og Bente Haugland til boklansering på Os Folkebibliotek. Barneboka "Detektiv Snok - Hvem har tråkket på meg?" fekk si lansering framfor eit stort og lydhørt publikum.

– Samarbeidet starta med at vi satt og drakk kaffi.

– Då fekk vi plutseleg den gode ideen om å lage ei bok, kor eg skreiv historia og Bente sydde illustrasjonane, fortel forfattar Frode Sirevåg.

– Blei litt for sint

Det å skulle sy illustrasjonar til Frode si historie var ei artig, men ikkje heilt enkle oppgåve ifølgje Bente Haugland.

– Den største utfordringa var eigentleg å finne ut korleis Snoken skulle sjå ut.

– I byjinga var han veldig sint, så det tok si tid før eg fann eit uttrykk eg likte, seier Haugland.

Totalt blei det 20 illustrasjonar sydd på symaskin til den lettleste historia om detektiv Snok.

På biblioteket fekk dei frammøtte høre historia, lesen av illustratøren, før dei sjølv fekk leika detektivar. Rundt i biblioteket var det gøymd ei rekkje oppgåver som møtte løsast før det blei premiering, bollar og saft.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.