I siste sekund
Elise Hjelle blei dagens helt då ho sette inn sigersmålet 23-22 i siste sekund mot Kjøkkelvik.
Førre helg spelte handballdamene til Os borte mot Kjøkkelvik. Då måtte dei klara seg med uavgjort 25-25. Laurdag var det duka for returoppgjeret. Denne kampen ville Osdamene vinne.
– Vi visste at det kom til å bli jamnt, men i dag viste jentene vinnarvilje.
– Dette er detn beste seieren vi har hatt i år, jublar Ostrenar Erlend Lyssand.
Fantastisk start
Os fekk ein kanongod start på kampen og var oppe i 8-1 etter 10 minutt. Jentene sto kanonbra i forsvar og hadde trøkk i ankomstene.
– Sjølv om vi fekk ei god leiing, så visste vi at det ville bli tøft.
– Mange måtte spele i uvante konstellasjonar i dag. Spesielt imponerar Emilie Hjertnes Halhjem meg som har spelt strek i heile livet.
– I dag må ho spele midtback i 40 minutt og gjer det som om ho ikkje har gjort anna dei siste 10 åra, skryt Lyssand.
I bakken, reiste seg
Etter omlag 27 minutt spel går Maria Stangeland Lunde i bakken og blir borte nokre sekund. Dette påverkar tydelegvis Osspelarane og Kjøkkelvik knappar innpå slik at det står 10-8 til pause.
Midtvegs i 2. omgangen er Stangeland Lunde igjen på banen og puttar det eine målet etter det andre. For den vinnarvilja blei ho kåra til dagens osing.
– I dag visar vi vinnervilje. Ikkje berre Maria, men alle jentene.
– Då er det jo ekstra deilig når Elise Hjelle set ballen i mål i siste sekund. Ein betre dramaturgi kan ein ikkje få i ein tett og jamn handballkamp.
– Det er ein fantastisk gjeng vi har, avsluttar ein nøgd Erlend Lyssand.
Os- Kjøkkelvik 23-22 (10-8)
Utv: Os Ingen, Kjøkkelvik 1x2 min
Os sitt lag: Vibeke Ingebrigtsen, Hanne Sørstrønen, Silje Martine Årseth, Emilie Hjertnes Halhjem (3), Maria Stangeland Lunde (2), Hilde Kristine Røttingen (3), Line Hjelle Berentsen (6), Silja Lunde Espelid, Elise Hjelle (8), Marte Øvreeide (1).
Os tek juleferie på tabelltoppen, men har spelt fleire kampar enn motstandarane rett bak.