Lokal | 19. mai 2013

I rute med ny skule

Abeidarane på den nye ungdomskulen på Nore Neset er no i gang med å få opp bæresystemet til bygget.

I rute med ny skule
Stålkonstruksjonen er oppe på nordfløyen (Foto: KMAL)
Kari M. Lyssandsundag 19. mai 2013 09:32

19. oktober tok ordførar Terje Søviknes første symbolske spadetak på det som skal bli ny ungdomskule på Nore Neset.

Tett bygg i september

Kjellarnivået er klart og no har entreprenørane byrja å montera stål og oppfylling for golva i første etasje

- Alt er i rute og arbeidet så langt har gått stort sett etter planen, fortel prosjektleiar i Hent AS, Jan Kyrre Myhre.

På anleggsplassen blir det jobba på fleire frontar. I tillegg til arbeidet på bygget er vegen bort no asfaltert og all kantsteinen er snart på plass.

Det er det Trondheimsbaserte firmaet Hent AS som bygger den nye skulen, og Myhre fortel at dei har tidlegare hatt eit liknande prosjekt på Austlandet.

- Vi bygde ein skule på samme storleik utanfor Lillehammer, men med litt anna utføring.

Krevjande tak

For på dette prosjektet har arkitektane gjeve entreprenørane utfordringar med tak i forskjellige vinklar og bogar.

- Taket har vore ei utfordring for dei som gjer utrekningar hos oss, men det er berre morro og vi har kontroll, sa Myhre til Midtsiden i april.

Målsetnaden er at skulen skal stå ferdig i mars 2014 og Myhre trur dei kjem til å klara målet.

- Slik det ser ut no så meiner eg det skal gå, avsluttar Myhre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.