Sport | 19. mars 2010

I rute med hoppet

Initiativtakarane til Os Snow Challange er klare for luftige svev over Elvebakken laurdag kveld.

I rute med hoppet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. mars 2010 23:01

Bildeserie:

1 av 4

Medan andre gler seg over at regnet får snøen til å smelta har det fredag blitt jobba for fullt med å laga bigjump i Elvebakken.

- Eg og far min byrja i 12-tida i dag. No byrjar hoppet å bli bra, men vi må nok salta litt for å få betre fart i overrennet, seier Arne Vein Haugland, som også har hatt fleire hjelparar med seg utover ettermiddagen og kvelden.

Arne arrangerer saman med Håkon Holen det som truleg er første bigjump-konkurranse i Os, nokre veker etter at det verkeleg var mykje snø i bygda.

- Heldigvis er det framleis snø igjen, det skal bli bra dette, trur han.

Konkurransen startar klokka 19 laurdag kveld. Årsaka til at dei ventar til kvelden ha med stemninga dei meiner høyrer med.

- Vi må jo ha det mørkt så vi kan få lyseffektar saman med musikken og dei tøffe stunta!

Det blir premiar for beste hopp i klassane over og under 16 år, og for beste tryning. Arrangørane tar imot påmeldingar heilt fram til konkurransen startar. Det er gratis å delta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.