Lokal | 26. mars 2016

I natt sluttar festen brått

Natt til søndag skal vi stilla klokka til sommartid.

I natt sluttar festen brått
Frå søndag er klokka over på sommartid. Det er kanskje likevel ei stund til det fristar med bading i Mobergsvikjo? (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 26. mars 2016 09:56

Det er siste søndag i mars og tid for å stilla klokka igjen. Normaltid er over – no er det sommartid og lysare kveldar som gjeld.

Klokka 02.00 natt til 27. mars skal klokka stillast til 03.00.

Det betyr òg éin time kortare opningstid om du er på nattklubb, og éin time kortare tid å sova om du skal rekka noko søndag formiddag.

Tidsminister Monica Mæland (H) er på sporet av den tapte tid når klokka blir stilt fram. Ho håper ifølgje ei pressemelding at den lystbetonte sommertida vil gjera oss mer effektive og konkurransedyktige.

Som ansvarleg statsråd for Justervesenet, har næringsminister Monica Mæland (H) full kontroll på nøyaktig tid. Klokka blir driven av Justervesenet sitt atomur, som har ei uvisse på cirka ± 0,1 mikrosekund.

36 år med sommartid

Sommartid blei innført i fleire land i Europa frå 1916, for å nytta dei lyse kveldane betre. I Noreg har vi hatt sommertid fleire år tidlegare og kvart år sidan 1980.

• Visste du at norsk normaltid er en time foran den såkalte UTC-tid? UTC står for «Coordinated Universal Time». Det er en felles, legal tid som gjelder over hele verden.
• Norsk sommertid er to timer foran UTC-tid.
• Sommertid gjelder normalt kl 02.00.00 siste søndag i mars til kl 03.00.00 siste søndag i oktober.
• Tidspunktene for skifte mellom normaltid og sommertid er felles for landene i EØS-området og besluttes av EU-kommisjonen i henhold til et direktiv om sommertid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.