– I gode hender
Pappa Jan Øystein Aksnes gler seg over heimbygda sitt oppmøte på Aurora-konserten i går, og grur seg lite til ho no skal på tur igjen.
Aurora sette publikumsrekord i Oseana laurdag kveld.
Sjå bildeserie og video frå rekordkonserten.
I salen var blant anna mamma og pappa.
– Det er heilt fantastisk å sjå kor heimbygda sluttar opp om ho, seier pappa Jan Øystein Aksnes.
Følgjer dottera tett
Aurora var 16 år då ho i desember 2012 klatra til toppen på Urørt to dagar etter at ho lasta opp si første låt.
I november 2013 signerte ho med tyske Budde Music, i september 2014 fekk ho storkontraktar med Decca i Europa og Glassnote i USA.
– Då var det til å legga gymnaset på is. Aurora er glad i skulen, men denne sjansen ville ho gripa og det blei stadig meir hektisk.
– Korleis følgjer familien Aurora frå avstand?
– Det er ikkje alltid så mykje avstand, vi har reist mykje vi òg, vi har vore i kulissane, særleg i starten. Men vi er ikkje med på alt, så då blir det å halda kontakten på anna vis.
– Er ho flink til å ringa heim?
– He, he! Det går mest i meldingar på Facebook, men ja, ho er flink til å halda kontakten med oss heime.
Trygg på tur
Mens Midtsiden fekk ein prat med far kom den kjente musikkmeldaren Einar «Engelen» Engelstad forbi.
– Det gjeld å passa på at det ikkje blir for mykje, at ho får for tett program. Det eine er å stå på scenen, men ho kan ikkje takka ja til alt av intervju. Vi i BT fekk ikkje intervju på førehand no når det var konsert i Os, og det synest eg var godt å sjå, at ho kan seia nei.
Pappa Jan Øystein seier han har fått eit godt inntrykk av både managementet, bandet og resten av crewet.
– Eg slapper meir av no, eg ser at det er ein fin gjeng ho reiser med. Det ser ut som om dei har det veldig kjekt saman, seier Jan Øystein Aksnes.