I gang med oppmåling mellom Hjelle og Hauge
Statens vegvesen har starta prosjektering av gang- og sykkelveg langs Hegglandsdalsvegen. Kommunen håper på midlertidige gatelys til hausten.
– Ja, vi er på oppmåling i samband med komande gang- og sykkelveg, seier Sjur Kleivdal frå Statens vegvesen.
Tysdag var dei på plass med målarar frå Vallabrua til Lyssand i samband med komande gang- og sykkelveg langs dette stykket av Hegglandsdalsvegen.
– Vi måler ti meter ut frå vegen på den eine sida og fem meter på den andre sida. Seinare blir det grunnboring.
• Les òg: – Eit bilde på kor utrykk vegen er
– Vegvesenet har fått midlar til å prosjektera gang- og sykkelvegen og er i gang med å gjera grunnundersøkingar. Dei er heilt i rute med planen, fortel Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Os kommune.
I kvarandre sitt bed
Utfordringa med prosjektet er at vegvesenet ikkje har fått midlar til å byggja sjølve gang og sykkelvegen. Difor har kommunen kome med forslag om at kommunen skal legga ned ny vassleidning frå Hjelle til Haugekrysset og at gang- og sykkelvegen blir lagt på denne.
– Vi er i ein god dialog med Statens vegvesen og skal faktisk ha eit internt møte torsdag kor vi skal sjå på korleis vi ønskjer å gjera dette.
– Det er jo slik at vi driv og rotar litt i kvarandre sine bed når vi gjer det på denne måten, men eg opplever både viljen og samarbeidet med vegvesenet som god. No er det opp til oss å koma med innspel på korleis vi ønskjer å gjera dette.
Håper på lys til hausten
Tjosås er tydeleg på at ein nok ikkje kan rekna med at gang- og sykkelvegen står ferdig til skulestart hausten 2017, som enkelte har gått langt i å lova tidlegare.
• Les òg: Reknar med start til sommaren
– Det vil nok ta lengre tid enn som så. Det kan vera at vi må gjennom ei grunnavståing også, men at vi skal koma i gang med å legga vassledningane håper eg vi skal klare til hausten.
– I tillegg har vi bedt vegvesenet om å sjå på ei midlertidig lysløysing fram til vi får gang- og sykkelvegen etablert. Det har eg god tru på vi skal få til, for no opplever eg at vi går i takt, avsluttar Tjosås.