Sport | 27. feb. 2010

I full aktivitet

Med godt oppmøte på dugnad blei Nore Neset Aktivitetshus effektivt rydda for snø.

I full aktivitet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 27. feb. 2010 20:46

Nore Neset Aktivitetshus gjorde som Oshallen, stengte dørene og inviterte til dugnad for å rydda taket for snø.

- Laurdag formiddag stilte 40 menn og kvinner opp for å moka taket på aktivitetshuset. Fredagen i forvegen var det rigga til med stigar og sikring, og etter briefing laurdag kunne gjengen setja i gong, skriv Nore Neset Idrettslag i ei melding til Midtsiden.no.

Etter berre to timar taket ferdig rydda. Snøen på bakken blei frakta vekk med traktor, og ein del av dugnadsgjengen som hadde heldt seg på kjøkkenet diska opp med vaflar som løn for innsatsen på taket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.