– I dag var vi dårlege
Lysekloster heldt følgje med Fana til pause, så rakna det.
Lysekloster spelte i kveld nok ein treningskamp, denne gong mot laget dei møter i første heimekamp i serien, Fana.
Gjestane frå motsett side av fjellet hadde med seg osingen dei har lånt frå Brann, Fredrik Heggland, og vann komfortabelt.
– Fredrik spelte i første omgang og gjorde det veldig bra, seier Lysekloster-spelar og tidlegare lagkamerat med Heggland, Baste Jonassen.
Lysekloster - Fana 0-3 (0-0)
Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Ola Sjømæling, Øyvind Nilsen (frå Nest, på prøvespel), Gojko Ivkovic, Aleksander Andersen - Espen Birkeland, Baste Jonassen, Joakim Hjelmeland - Ståle Steen Sæthre, ein svenske på prøvespel og Thomas Helland.
Innbytarar med speletid: Ken Joar Føyen, Sindre Flaa og Christer Olsen.
Jonassen synest Lysekloster klarte seg greit, men at det svikta etter pause.
– No fekk gjestane både 1-0 og 2-0 på straffe, begge litt billig, synest eg. Men vi var svake i heile andreomgangen.
– No skal det bli godt med treningsleir, for vi har ein del å øva på.
Lysekloster reiser til spanske Albir laurdag 12. mars for ti dagar med førebuing til serien. Etter heimkomst er det treningskamp mot Odda helga før seriestart borte mot Lørenskog 9. april.