Sport | 20. feb. 2016

– I dag speler vi slik eg vil

Trøkk i angrep, la ballen gjera jobben og slepp ballen i rett tid var oppskrifta då Osdamene banka Årstad 30-22 laurdag.

– I dag speler vi slik eg vil
Elise Hjelle blei toppskårar med 6 mål (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 20. feb. 2016 18:12

Heilt sidan Trond Førde Eriksen tok over handballdamene til Os har han jobba med å få til spelet slik han ønskjer.

– VI har fått det bra til på treninger, men ikkje fått det heilt ut i kamp. I dag gjorde vi det.

– Jentene trykker på i lukene, går på sperrene og slepper ballen vidare ut til vingene. I dag speler vi virkeleg god handball til tider, seier Førde Eriksen.

Solid i forsvar og i mål

Bakover på banen gjorde Osdamene som dei så ofte har gjort denne sesongen. Dei står godt saman og slepp ikkje Årstad til.

– Bakover er vi strålande og vi tek kontringane som vi skal. Diverre bommar vi framleis for mykje aleine med keeper, men i dag blir vi ikkje straffa for det. Samstundes så er returløpa gode i dag.

– Dei første 20 minutta er nok av dei beste vil har spelt. I tillegg gjer Vibeke Ingebrigtsen ein kanonkamp i mål. Når Tiril Grønvigh kjem inn i 12 minutt, så gjer ho akkurat det same, skryt Ostrenaren.

To bonuskampar

Dei to neste kampane er mot topplaga Fyllingen og Sotra.

– Det er to bonuskamper uten press. Speler vi som i dag, så kan vi så absolutt ta poeng der også, avsluttar Førde Eriksen.

Os - Årstad 30-22 (16-11)
Utv: Os 1 x 2 min, Årstad ingen
Os sitt lag: Vibeke Ingebrigtsen, Tiril Grønvigh, Elise Hjelle 6, Tonje Hjertnes 2, Silja Espelid, Vilde Brattabø 2, Malin Fosen 2, Madeleine Hjertnes 4, Hilde Kristine Røttingen 5, Mona Stigen Heggeland 1, Marte Øvreeide 4, Emilie Hjertnes Halhjem 4.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.