I dag kom det nye bygolvet
Her er granitten som skal dekka gatene på Øyro.
Etter eit 2015 med skifting av leidningsnett under gatene i sentrum spanderer Os kommune no portugisisk granitt i sentrum.
Først ut er «bydraget», eller gatene frå Telthuskvartalet via Torget til GH Interiør og Oselvo, blir kalla i Asplan Viak sin sentrumsanalyse.
5000 kvadratmeter til knappe 10 millionar kroner.
Les òg: Kostnad som venta på bygolvet
300 kilo per stein
Anleggsgartnar Svein Boasson AS har oppdraget. Torsdag morgon kom dei til Os med dei 10 første kassane med golv, fordelt på to lastebilar.
– Kvar kasse veg 2,5 tonn, fortel Svein Boasson-sjåfør Erik Ask frå Os.
Granitten er 1,03 x 1,03 meter store, 8 per kasse, altså over 300 kilo per granittplate.
400 kvadratmeter i første omgang
Det står 48 kassar på Dokken i Bergen, til saman over 400 kvadratmeter.
Ask og kollegaen får til saman fem turar til by'n i dag.
Les òg: Slik blir torget og Osøyro