- I dag er dagen!
TV2 sender frå Idol-vaka på Os med lokal hjelp. - Still opp! I dag må vi visa dei omlag 800.000 som ser på Idol kva som bur i osingane, oppmodar Anders Fløysand.
Eirik Søfteland har mange støttespelarar i Os. Det har blitt lagt merke til i TV2 og Monster som produserar Idol-sendinga.
- Dei spurte Eirik om det var mogleg å få tak i stillbilder frå dei to familiefestane som har vore på Os når han har opptredd.
- Eg har noko mykje betre svara Eirik og kontakta oss, fortel Anders Fløysand, dagleg leiar i Varde Film & Media.
Live frå Os
Kontakten mellom filmgutane frå Os og produksjonsteamet i Monster blei oppretta, tekniske detaljar blei avklara og når Eirik har sunge Elton John i kveld er planen at stemninga på Bowling1 skal bli formidla live til heile det norske folk i beste sende tid.
- No må folk stilla opp og visa heile landet kva som bur i oss!
Ikkje berre å plugga i kabelen
Fløysand fortel at signala frå Os skal gå via 4G-nettet til Nøstet i Bergen og vidare til OB-bussen som står utanfor Chateau Neuf i Oslo.
- Det er ikkje berre å plugga ei internetline i kameraet og tru det går.
- Signala kjem til å bli sendt via fleire modem til TV2. Vi vurderte satelitt-link, men risikoen med den løysinga blei for høg, forklarar Fløysand.
Levarer til Oljeindustrien
Løysinga Varde-gutane skisserte for TV2 er ei løysing dei leverar som profesjonelle streamingteneste til Oljeindustrien.
- Vi har fleire oljeselskap som kjøper tilsvarande teneste frå oss allereie, kor vi sender videosignal frå ein ubåt på 2-300 meters djup via satelitt direkte til Ipaden til han som skal overvaka operasjonen, fortel Fløysand.
Tilsvarande produksjonar som dette har dei gjort på fleire konsertar og konferansar.
- Men det er første gongen vi leverar levande bilete direkte på nasjonal TV i beste sendetid, avsluttar Fløysand som saman med Vegard Strønen starta Varde Film & Media i 2007.
Vil du vera med som statist i kveldens Idol-sending er det berre å stille opp på Bowling1 i Irisgarden frå klokka 19.30 fredag kveld.