I dag blir den vedtatt
Historisk dag: Stortinget vedtar utbyggingen av E39 Svegatjørn - Rådal.
Tysdag 18. november 2014 blir ein historisk dag i samferdselsamanheng for Osbygda når stortinget etter all sannsynlegheit vedtek utbygginga av E39 mellom Svegatjørn og Rådal.
– Det gjer at vi kan lyse ut dei to hovedoppdraga 15. januar, med leveringsfrist 21. april 2015.
– Då kan kontrakt truleg skrivast i juli/august, med byggjestart i oktober/november 2015, fortel kommunikasjonsrådgjevar Geir Brekke i Statens vegvesen.
Ny prosjektleiing
I tillegg til å gjera siste finpuss på anbodsgrunnlaget har Statens vegvesen reorganisert prosjektet.
– Det blir felles prosjektleiing for tre prosjekt i Bergensområdet, Svegatjørn-Rådal, Ringveg Vest og Sotrasambandet.
– Sverre Ottesen, som frå før er prosjektleiar på Ringveg Vest, tek over som prosjektleiar, medan Arne Eltvik held fram som assisterande prosjektleiar, seier Brekke.
Bakgrunnen for det er både for å gi meir langsiktig jobbavklaring, samt ei meir praktisk løysning til organisering der ein kan få ha same prosjektleiar fram til fullføring.