I dag blei dei siste trea felt
Bøken og almen som sto att ved Lyse Kloster ruinane blei i dag tatt ned.
I samband med stormen «Nina» i januar fekk dei to staslege trea som sto att ved Lyse Kloster ruinane gjennomgå. I dag måtte dei takast ned.
Les òg: – Var heldige med muren
– Bøken som sto ytst fekk så store skader at den måtte ned.
– Det igjen gjer at almen som sto nærmast ruinane mistar så mykje av krona si at også den må takast ned.
– Årsaka er at den no blei så mykje mindre skjerma og eksponert for nye stormer at det berre er eit tidsspørsmål før også den brekk, forklarer kultursjef Lisbeth Axelsen.
Riksantikvaren gav løyve
Greiner frå almen strekte seg over murar og søyleganger og ville kunne gjera store skader på kulturminnet om dei knakk.
– Då desse trea sto på freda område så måtte riksantikvaren gje løyve til å ta trea ned.
– Os kommune ved underteikna er tiltakshavar for heile konserveringsprosjektet av ruinane, kor også spørsmålet om tre eller ikkje tre inngår.
– Byantikvaren i Bergen er fagleg rådgjevar på vegne av riksantikvaren. Dei var difor ute her i dag.
– I tillegg blei også UIB varsla og biologar har vore her for å ta prøvar og samla lav, fortel Axelsen.
Dei store almane som sto framfor ruinane blei fjerna i februar 2011.