Lokal | 19. mars 2011

I aksjon for Japan

Os Røde Kors mobiliserer og håper på bra oppmøte av bøsseberarar og stor gjevarglede tysdag.

I aksjon for Japan
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 19. mars 2011 08:27

Fredag for ei veke sidan blei Japan råka av det femte kraftigaste jordskjelvet som nokosinne er målt (8,9). Jordskjelvet og tsunamien som følgte førte til store øydeleggingar, over 10.000 som omkom og nesten 500.000 innbyggarar som er evakuerte.

I tillegg kjem faren for forureining som følgje av at Fukushima-reaktoren er ute av kontroll.

- Røde Kors arrangerer innsamlingsaksjon der alt vi får inn går til innsats i katastrofeområder i Japan, seier leiar i Os Røde Kors, Nina Solvår Sælen.

Bøsseaksjonen blir halden førstkomande tysdag, 22. mars.

Os Røde Kors har, i tillegg til eigne medlemmar, kontakta skular, konfirmantane og frivillighetssentralen for å få tak i bøsseberarar, men seier dei også håper at at andre innbyggarar i Os vil stilla opp og hjelpa til.

- Møt opp på Røde Kors-huset i Kolskogen tysdag klokka 17.30, oppfordrar Sælen.

Du kan også støtta aksjonen ved å senda ordet «hjelp» på tekstmelding til 1990, eller ved å ringa 820 44 000. Vil du gje direkte på konto kan dette nummeret brukast: 8200.06.10190.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.