Lokal | 05. feb. 2010

I aksjon for Haiti

81 ungdomsskuleelevar vil hjelpa Os Røde Kors å samla inn pengar sundag. Framleis treng dei fleire bøssebærarar.

I aksjon for Haiti
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. feb. 2010 12:07

Rundt 200.000 menneske har omkome i jordskjelvet som ramma Haiti 12. januar. 250.000 er skadd og 1,5 millionar menneske har mista heimane sine.

Skjelvet blei målt til 7,3 på Richers skala og hadde episenter 25 km vest for hovudstaden Port-au-Prince. Haiti, som ligg på den vestlige delen av den karibiske øya Hispaniola, er det fattigaste landet på den vestlege halvkula.
Les meir om Haiti på Wikipedia

Treng fleire bøssebærarar
Over heile verda er det mobilisert for å hjelpa dei katastroferamma. Den første helga etter jordskjelvet blei det samla inn 100.000 kroner til Haiti, og sundag som kjem skal Os Røde Kors ha innsamlingsaksjon til jordskjelvsofra.

Os Røde Kors har fått hjelp av ungdomsskuleelevar, i alt 81 bøssebærarar er klare for innsamling sundag.

- Situasjonen for dei som er ramma er framleis vanskeleg, dei kjem til å trenga hjelp i lang tid framover. Røde Kors bidrar blant anna med mat, reint vatn, medisinar og feltsjukehus, skriv Nina Sælen frå Os Røde Kors i ei pressemelding i dag.

- Vi håpar å nå flest mogleg i Os, men då treng vi fleire. Om det er andre som vil hjelpa kan dei ta kontakt på mobil 95363930 eller 45806035.

Utlevering av bøssene blir på Røde Kors huset i Kolskogen, sundag frå klokka 12.00-14.00.

- Vi håpar også at innbyggjarane i Os vil ta godt imot bøssebærarane våre, seier Sælen.

Under kan du sjå høgdepunta frå støttekonserten "Hope for Haiti Now", med artistar som Bono, Bruce Springsteen og Rihanna.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.