Husvære, handel eller hotell?
Interessa for Drageset-bygget er stor. – Vi har visualisert nokre idear for potensielle kjøparar, fortel meklar Bjørn Arne Braathen.
I helga blei Drageset-bygget annonsert i avisene med ei prisantydning på 25 millionar kroner.
I dag kjem prospektet ut på Finn, slik at potensielle kjøpere kan setja seg betre inn i prospektet og moglegheitene.
– Eg har allereie fått fleire henvendelser frå både kjende osingar og folk utanfrå. Dei har litt ulike inngonger til det. Nokre antyder at dei vil riva det og byggje heilt nytt, andre vil kanskje byggja på og bruka bygget i stor grad slik det står, fortel Bjørn Arne Braathen, meklar hos Privatmeglaren.
Kan auka med ein etasje
Kva framtida bringer er opp til den som kjøper aksjeselskapet som eig bygget.
– Det er faktisk ikkje bygget eg sel på vegne av Drageset-familien, men aksjeselskapet, Torggata 2 AS. Det er dette aksjeselskapet som eig eigedomen.
– Kva ein framtidig kjøpar vil gjera med det er vanskeleg å seie, men det er regulert til næring i alle etasjer i dag. I forslaget til framtidig sentrumsplan kan ein auke bygget med ein etasje.
– I salsoppgåva og bileta til den har vi difor skissert eit par alternativ for korleis det kan gjerast. Vi har både vidareført arkitekt Grung sitt uttrykk heilt opp, og laga ein variant med ein inntrekt 5. etasje. Med det meiner vi at vi har vist noko av potensialet i det bygget som står der i dag, i tråd med sentrumsplanen. Eg tykkjer det ser veldig bra ut, så skal det bli spennande å sjå kva det til slutt blir til, seier Braathen.
I god stand
Bygget er i god teknisk stand med mellom anna sprinkleranlegg, heisrom og godt fungerande ventilasjonsanlegg.
– Det er eit kjempefint bygg. Selgjar har i prosessen med å vurdera kva dei ville gjera med bygget gjort ein kjempejobb kor dei har hatt inne takstmann til å vurdera potensialet i kvar einskild etasje. Mellom anna er det vurdert kor mange leilegheiter ein kan få til på kvar høgd.
I prospektet skisserer ein moglegheiten for 7 leilegheiter i kvar av etasjene frå 2. til 5. etasje. Leilegheitene kan bli på 35-65 kvadratmeter kvar med fellesboder i kjellaren med ein estimert salspris på 45 000 til 55 000 kroner per kvadratmeter. I 1. etasjen har ein teikna inn tre næringsdelar.
Lanserer hotell
Sjølv om Braathen ikkje har noko med kva ein kjøpar gjer med bygget, har han gjort seg nokre tankar.
– Det er nærliggande å tenkje leilegheiter, men kva med eit hotell? Då får Osøyro det det treng, og det løyser den utfordringa som er i Osbygda i dag med overnattingskapasitet. Tenk deg eit sentrumsnært, enkelt hotell midt i Os sentrum, avslutter Braathen.
Dette er Torggata 2
Bygningsmassen består av forretningsgard sentralt i Os sentrum med felles bakgard kor det er tilgong til lageret si lastesone. Heis og trapperom.
Kjellar: omlag 170 kvm
1. etg: omlag 450 kvm
2. etg: omlag 347 kvm
3. etg: omlag 347 kvm
4. etg: omlag 347 kvm
Totalt areal: omlag 1 711 kvm
Bygd i 1938, modernisert i 1978
Eiet tomt: 546 kvm