Lokal | 09. feb. 2014

Husvære fylt med røyk

Brannvesenet rykte ut til tørrkoking i Gymnasvegen.

Husvære fylt med røyk
Her i Gymnasvegen har det ved fleire tilfelle vore utrykning til tørrkoking i eldrebustadar. No vil brannsjefen be om montering av tidsbrytar på komfyrane. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 09. feb. 2014 21:00

Laurdag i 15.30-tida rykte brannvesenet ut på ein automatisk brannvarslar i ein eldrebustad i Gymnasvegen.

– Han som bur der hadde kome seg ut, men leilegheiten hans var fylt med røyk, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Huseigar var uskadd og kunne flytta inn igjen etter utlufting.

Tørrkoking har vore eit gjentakande problem både i Gymnasvegen og i andre eldrebustadar i Os.

– Eg vil no i dialog med vaktmeister om installasjon av tidsbrytar på komfyrane i Gymnasvegen. Det er gjort andre stadar, blant anna i Gamleheimshagen i Oshaugen, og er eit effektivt tryggingstiltak, seier Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.