– Husk julesekken
Slik blir bosstømminga i julen. Har du tømming 1. juledag må du hugse å ta bosset fram allereie lille julaften.
BIR endrar tømmedagar for bosset i jula. Har du normaltsett tømming 1. juledag, 2. juledag eller 1. nyttårsdag har du fått nye tømmedagar.
– Dei som har tømming på onsdag 1. juledag har fått tømming allereie lillejulaften.
– Om du har tømming 2. dag, så kjem bossbilen 27. desember, fortel kommunikasjonsrådgjevar Tina Skurdal.
Dei som skulle hatt tømming 1. nyttårsdag får henta bosset sitt 2. januar. Det er eigne tømmedagar for plast og papir. Sjå Bir.no for nærmare informasjon.
Raud sekk til julepapir
BIR sendte tidlegare denne månaden ut eigen sekk for julepapiret.
– Julepapir inneheld store mengder leire og fargestoffer og kan ikkje gjenvinnast saman med vanleg papir.
– Dette må difor kastas som restavfall. For at du skal sleppe å fylle boss-spannet ditt med julepapir kan du i staden bruke den raude posen du har fått tilsendt og setje den saman med bosset når du har tømmedag, avsluttar Skurdal.