Huseklepp og spøkelser
Med fotballskoa til Erik Huseklepp som hovudpremie, og sjuandeklassingar som spøkelser inviterte Os skule til Gregory Smith-kveld torsdag.
Barneskulen i Os sentrum har i ei årrekkje støtta arbeidet Gregory Smith gjer for gatebarna i Brasil gjennom organisasjonen CARF (Children at risk foundation).
Mellomanna var to lærarar og to elevar på vitjing hjå organisasjonen i fjor vår for med sjølvsyn å sjå korleis CARF jobbar i Brasil.
Torsdag var det igjen tid for den tradisjonsrike "Gregory Smith-kvelden" i og rundt skulegården.
– Dette er eit arrangement både elevane og vi tilsette gler seg like mykje til kvart år, fortalte rektor Beate Moberg.
Med skoa til Erik Huseklepp
For å skapa aktivitet og inntekter til CARF hadde elevane ordna med mellomanna lykkehjul, svampekasting, kasting på boks, ansiktsmaling og lotteri.
– Du må ta deg ein tur ned på SFO og sjå på gevinstane i lotteriet, smilte SFO-leiar Camilla Hjelle Fløysand.
Og der fann vi eit par fotballsko, brukt og signert av Erik Huseklepp på Brann, fotballar signert av spelarane på A-laget til Os og ei rekkje andre godbitar.
Skumle sjuandeklassingar
Like tradisjonsrik som sjølve arrangementet er sjuandeklassingane sine forsøk på å skremma medelevane i gangane i gymsalen.
Med lyset sløkt, kvitmalte anlete, rennande "blod" og lommelykteffekter, blei det mykje skrik og skrål då turen gjekk gjennom spøkelseshuset.
Viktig for skulemiljøet
Tilsaman brakte kvelden inn omlag 63 000 kroner til CARF sitt arbeid.
– Det blei ein flott sosial kveld med viktige inntekter til CARF og Gregory Smith.
– I tillegg er det eit viktig arbeid for skulen i høve det å bygga skulemiljø og å jobbe for forståing og solidaritet på tvers av landegrenser.
– Eg er særs nøgd med kvelden, fortel rektor.