Politi | 18. nov. 2024

Hundekvalp sakna etter trafikkulykke

Oppdatert: Hunden er funnen i god behald.

Hundekvalp sakna etter trafikkulykke
Politiet har sendt bilde av ein hund som liknar.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmåndag 18. nov. 2024 14:21

Politiet sendte ut ein mail måndag ettermiddag om sakna hund.

Hunden skal ha vore i bilen, som var involvert i trafikkulykka tidlegare i dag.

– Det er snakk om ein kvalp på 6 månadar, og det er bekymring for at den kan vera skada, fortel Damir Feuce frå Bjørnafjorden politistasjon.

Hunden er ein Jack Russel Terrier. Den har kort pels, og er svart, med kvit og brun pels på brystet.

Føraren av bilen har informert om at hunden verken har halsband eller chip.

– Den tilhøyrer ikkje området, og er ikkje kjent her, seier Feuce.

Kvalpen er sist observert på Moberg, nær politistasjonen.

– Ring politiet på 02800 ved observasjon eller funn, oppfordrar politibetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.