Hundar redda etter lang og kald svømmetur
To hundar la seg etter svanene ved reiret i Finnebrekka, men kom seg ikkje på land ved gjestebrygga.
Onsdag i 13-tida fekk politiet melding om to hundar som sprang etter knopsvanene som hekkar i Oselvo, som i desse dagar held på å bygga årets reir.
– Svanene skal ha lagt på svøm med hundane etter seg, fortel politibetjent Sindre Hallem.
Men i hamna er det som kjent svana «Hamnesjefen» som er ... eh, sjef.
Redda av eigar
Hundane blei svømmande fram og tilbake under Osbrua, frå gjestebrygga og tilbake til der den tidlegare nattklubben Madammen hadde inngang.
På det vesle steinplatået i enden av gjestebrygga kom deg seg opp, men dei gjorde fleire forsøk på å svømma til stadar der det var lettare å koma i land.
Så kom hundeeigar, som hadde oppdaga at dei to hadde stukke frå heimen sin. Han lokka den eine nord for brua, der han klarte å hjelpa han i land.
Den andre vikla seg fast i eit tau, tok skrekken og gjorde retur til steinplatået. Hundeeigar klatra ned, tok hunden på nakken og fekk han i bilen.