Lokal | 10. jan. 2014
Hund til åtak
Ein hund angreip ein annan hund på Nore Neset i går.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. jan. 2014 09:15
Torsdag ettermiddag fekk politiet melding frå ein hundeeigar som gjekk på tur.
– Hunden til vedkomande hadde blitt angripen av ein annan hund, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
– Hunden som gjekk til åtak har vore meldt for liknande forhold tidlegare, legg han til.
Det skal ha vore ein fårehund som gjekk til åtak.
Skadeomfang er førebels ukjent, politiet ventar at hundeeigar/fornærma skal koma inn og melda forholdet i dag.