Hugs bandtvang!
Dyrelivet er ekstra sårbart i vår- og sommarmånadane, og uforsiktige hundeeigarar kan gjere stor skade ved å sleppe hunden laus.
Frå og med 1. april til og med 20. august er det generell bandtvang for hund i heile landet. I beiteområde for husdyr og vilt som skal beskyttast, gjeld bandtvangen i Os kommune fram til 30. september.
Dette betyr at alle hundar skal haldast i band eller forsvarleg inngjerda i heile denne perioden. Årsaken til bandtvangen er at dyrelivet er ekstra sårbart om våren og sommaren. Hundar skal ikkje skremme opp eller jage fugl, vilt eller beitedyr.
Kan få tragiske konsekvensar
- Dei aller fleste hundeeigarar er ansvarlege og viser omsyn til andre dyr og menneske. Men enkelte hundeeigarar tar ikkje inn over seg at hunden faktisk er eit rovdyr med jaktinstinkt. Sjølv ein snill hund kan «klikke» dersom han får springe etter lam på eit beite. Konsekvensane kan vere tragiske for både lammet og hunden, som i verste fall kan bli kravd avliva dersom han skadar eller tar livet av husdyr, seier Marianne Kramer, sjef for Teknisk drift i Os kommune i ei pressemelding.
Kramer fortel at avdelinga får ofte telefonar frå folk som har observert lause hundar rundt om i kommunen.
Hundeeigar sitt ansvar
Dersom du møter ein hund som er laus i strid med reglane om bandtvang, kan du fange han og levere han tilbake til eigaren, dersom eigaren er i nærleiken. Dersom eigaren ikkje er å sjå, skal du levere hunden til politiet.
Brot på reglane for bandtvang er straffbart og kan føre til bøtar. Alvorlege brot kan gje fengselsstraff opp til seks månader.
-Dette er ikkje hunden sitt ansvar. Det er du som hundeeigar som må ta ansvar for hunden din, slik at vi unngår farlege og skadelege situasjonar, oppmodar ho.