Lokal | 31. mai 2014

Høyrde ikkje på politiet

Bilførar blei anmelt etter ikkje å ha følgt pålegg frå politiet om å fjerna mørk film frå framre sideruter.

Høyrde ikkje på politiet
Politiet stoppa fleire bilister i natt (ill.foto: KVB)
Andris Hamrelaurdag 31. mai 2014 09:57

I natt blei ein bilførar stansa av politiet. Det var ikkje første gong bilføraren blei stoppa for same forhold.

– Bilen hadde mørk film på siderutene framme, noko som ikkje er tillatt.

– Vedkommande har tidlegare fått pålegg om å fjerna dei, men har tydelegvis satt dei på igjen.

– Difor blei bilføraren no anmeldt, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Kontroll og avskilting

I 1630-tida fredag ettermiddag hadde politiet ein trafikk-kontroll på Strønevegen.

– Der blei 41 køyrety kontrollert.

– Ein mopedist fekk pålegg om å utbetra eit skilt som var knekt opp slik at det var vanskeleg å lesa bakfrå.

– I tillegg blei det utsett forelegg til to bilførarar som hadde glømt førarkortet.

– Seinare på natta blei også ein bil avskilta etter begjæring frå vegvesenet.

Innbrotsforsøk i bil

Tidleg på ettermiddagen, i 1430-tida, fekk politiet melding om eit innbrotsforsøk i ein bil i Industrivegen.

– Det var låsen skadd, men gjerningspersonen hadde ikkje klart å ta seg inn i bilen.

– Vi traff òg på ein kjenning ved gjennvinninga på Amfi i natt. Vedkommande hadde tatt med seg ein komfyr.

– Denne måtte han setta tilbake før han blei satt i marsj, avsluttar vakthavande betjent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.