Hosianna og palmeblad
Os kyrkje blei fredag fylt av elevar frå Os skule.
Tekst og foto: Emily Marie Johnsen frå 9. klasse ved Nore Neset skule, utplassert hos Midtsiden.
Dei var flinke både på som songarar, skodespelarar og publikum, elevane ved Os skule som hadde sintradisjonsrike påskegudsteneste siste skuledag før ferien.
– Eg synest at dette er ein kjekk tradisjon. Alle elevane bidrar med å laga programmet og er flinke til å samarbeida og øva, seier rektor, Beate Moberg.
Alle frå første til sjuande klassetrinn er med. Gudstenesta starta med innmars av elevar frå 2. trinn, som kom opp midtgangen med palmeblad for å symbilisera palmesøndag.
Etter å ha sunge ”Hosianna, Davids son”, ”Måne og Sol” av 5. trinn og ”Dine hender fulle av blomster” av 4. trinn, var det dans og forteljing som tok oss gjennom heile påskeveka.
Presten stilte spørsmål til publikum og elevane, spesielt dei yngste, svarte ivrig. Det var tydeleg at dei kan mykje om emnet.
– Vi har jobba i heile vinter med dette å vera tolmodig og med det å respektera og vera venlege med kvarandre. I dag har de vist at de meistrar dette, sa Moberg då ho heldt tale på slutten av gudstenesta.