Hordfast = milliardbløff x3
Lesarinnlegg: Regjeringa slår på ei sliten skarptromme.
Eg opplever ikkje at regjeringa slår på stortromma i ny NTP, men at dei slår på den mest slitte skarptromma som finst ...
Vi må ha med litt historikk:
2013: Erna Solberg (H) og Knut Arild Hareide (KrF) sto i valgkampen på Sandvikvåg ferjekai og lova oppstart på Hordfast i 2018
2017: Dei same personane sto på perrongen i Arna og lova at prosjektet skulle gjennomførast, men at prosjektet var blitt for dyrt, så det var ingen startdato.
2021: Same lovnad som i 2017 og 2012, no på live stream, men framleis utan oppstartdato
I 2011 viste Vegvesenet si utgreiing at indre trasé var 7 milliardar kroner rimelegare enn midtre trasé. I 2012 ble det presentert «nye beregninger» i tilleggs KVU 2012 som viste meir fordelaktige tal for midtre trasé vs indre trase E39.
Dette er langt frå realiteten – det er faktisk ein tredobbel milliardbløff!
Milliardbløff nr. 1
Midtre trasé krev ei flytebru over Bjørnafjorden. Den første milliardbløffen er at denne brua er ei trygg og god investering. For det første vil ei slik bru bli tre gongar så lang som Nordhordlandsbrua, som i dag er verdas lengste flytebru utan sideforankring.
Eit slikt prosjekt krev ukjent og uprøvd teknologi – og økonomisk sett er det svært usikkert. Det er ikke rart at vegvesenets kostnadsoverslag er «pluss/minus 40 %». For å seia det på godt norsk: rein tipping.
Nye Veier, som er regjeringens eget «smarte» vegselskap, anbefaler å bygga Hordfast via Fusa. Den lange brua over Bjørnafjorden blir for dyr, meiner selskapet.
Milliardbløff nr. 2
I 2011 var indre trasé kostnadsberekna til ni milliardar kroner. Eitt år seinere er prisen meir enn dobla til 19 milliardar. Vi veit jo alle at kostnadar aukar kvart år på grunn av prisauke, men det får då vera måte på!
Avgjerda på trasé i 2013 baserte seg på 19,3 milliardar, no er overslaget 37,7 milliarder norske kroner.
For midtre trasé blir det oppgitt at det berre er ei beskjeden auke, frå 16 til 19,3 milliardar i 2012
Alle dei 20 tunnelane som har vore med i siste kalkyle for det indre alternativet, må vera eit påfunn for å få dette alternativet like dyrt som flytebru alternativet.
Milliardbløff nr. 3
Sjølv med triksa i bløff 2 er tala for indre trasé E39 betre enn for midtre trasé. For å vinna fram til dei som fattar avgjerd trengte brutilhengarane noko meir.
Ein kontroversiell rapport fra dr. Victor Norman m.fl. om «arbeidsmarkeds effekt» blir sitert ukritisk av vegvesenet.
Korleis? «Midtre trasé vil gi en ‘arbeidsmarkeds effekt’ som er 30 gongar høgare enn for indre trasé»
Kvifor? «Fordi midtre trasé gir 15 minutt kortare reisetid enn indre trasé.»
Normans rapport har blitt kraftig imøtegått av Telemarksforsking og andre fagmiljøer. På høfleg vis påpeiker dei skjulte antakingar, kritiserer professorens metodikk og understreker at vi ikkje kan festa lit til konklusjonane.
Stortinget og regjeringa bør ikkje la seg blenda av løfter om uprøvd teknologi, skjulte antakingar og oppblåste «arbeidsmarkeds-effekter».
Så til løysinga på ferjefri E39 for heile Norge
Nye veier As - innspel NTP 2022-2041:
Nye Veier har også vurdert en utbygging av E39 Stord i sitt innspill til NTP–sammenheng med en eventuell utbygging av en ny høyhastighetsvei som forbinder E134 til Bergen. En forbindelse fra E134 til Bergen vil ha store synergieffekter med en indre E39 korridor. Den indre korridoren vil være fordelaktig rent kostnadsmessig en unngår utbygging av bro over Bjørnafjorden (kostnad tidligere estimert til om lag 16,5 mrd. kroner). kroner.
Basert på et grovt estimat legger Nye Veier til grunn at indre korridor E39 kan realiseres til ca. 30 mrd. kroner. 7 milliarder billigare en midtre trasé som ligg i bordet no.
I NTP-forslaget frå regjeringa er det berre sett av 1 milliard kroner pluss bompengar til Hordfast dei neste seks åra. Regjeringa vil starta med veg, bru og tunnel frå Stord til Tysnes, som er heilt i tråd med ferjefri E39 indre trase.
Eit ja til ferjefri E39 indre trase/indre korridor i lag med E134 blir 7 milliardar billigare å bygga - og E134 vil òg bli billigare å bygga, så dette er vinn-vinn for begge prosjekt.
Bjørnafjorden kommune vedtok april 2020 å seia nei til den gigantiske Hordfast-brua. Fleirtalet ønskjer heller ein ferjefri E39 med indre trasé.
E134 er den stor vinnaren med 10,7 Milliardar i NTP.
Alle piler peiker framleis mot ferjefri indre trase E39 i lag med E134.
Helge Andersen
Bjørnafjorden Senterparti