Lokal | 25. sep. 2018

Hordfast: Høgre diskuterte misnøye med Frp

Søviknes fekk halve Høgre til å endra standpunkt, men ingen var nøgde med snuoperasjonen. Sett vekk frå ein sarkastisk opposisjon.

Hordfast: Høgre diskuterte misnøye med Frp
Høgre ba om gruppemøte og kom splitta tilbake. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 25. sep. 2018 22:50

Bildeserie:

Søviknes starta comebacket med å takka Bruarøy og Reiertsen. (Foto: KVB)
Søviknes starta comebacket med å takka Bruarøy og Reiertsen. (Foto: KVB)
Gisle Hesjedal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gisle Hesjedal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susanne Sperrevik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susanne Sperrevik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Glenn Erik Haugland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Glenn Erik Haugland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nils-Anders Nøttseter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nils-Anders Nøttseter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Klar for å motta «dommen» etter gruppemøtet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Klar for å motta «dommen» etter gruppemøtet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ståle Skaatun sto saman med Susanne Sperrevik ved vedtaket frå formannskapet. (Foto: KVB)
Ståle Skaatun sto saman med Susanne Sperrevik ved vedtaket frå formannskapet. (Foto: KVB)
1 av 7

I kveldens kommunestyre gjekk Frp, som Søviknes varsla tysdag morgon, imot å støtta Hordfast AS sitt ønskje om førehandsinnkreving av bompengar på E39 Stord-Bergen.

I formannskapet for to veker sidan var 3 Frp-representantar saman med 1 frå Høgre (inkludert dobbelstemme, 5 mot 4) med på å sikra fleirtal FOR støtte i same sak.

Voteringa blei ikkje spennande, heile opposisjonen var frå før imot å støtta forslaget frå Hordfast AS.

Men debatten var fylt med både skuffa samarbeidspartnarar og ein opposisjon som kokte over av skadefryd.

Eit splitta Høgre

Nyleg avtroppa ordførar, no varaordførar Marie Lunde Bruarøy (H) var saman med nyleg avtroppa varaordførar, Laila Reiertsen (Frp) ugild i saka. Dei to er, via sine førre verv, styremedlem og varamedlem til styret i Hordfast. Laila prøvde å bruka dottera Nathalie som vara, men Søviknes oppdaga i siste sving at dette blei for tett slekt til at det kunne bli ein godkjent erstattar.

Gisle Hesjedal (Ap) var raskt på talarstolen for å seia at Bruarøy hamna i Hordfast i kraft av ordførarvervet, og meinte at Søviknes og Bruarøy var ugild, men ikkje Reiertsen. Søviknes avviste dette like raskt, Hordfast er ei aksjeselskap, endringar i styret må avgjerast av generalforsamlinga.

Så til ytringane om sjølve saka.

– Du gjorde ikkje det enkelt for meg, som er vara for andre gong, du kunne kome heim frå Oslo litt før eller etter. Ut frå vedtaket i formannskapet for to veker sidan kan eg ikkje sjå at det ligg nokon ny informasjon. Om du kan garantera at dette ikkje forseinkar prosessen for dette viktige prosjektet, så vil eg sjå dokoumentasjon. Mi oppfatting er at Hordfast er eit veldig viktig vegprosjekt, og at dei 150 millionane Hordfast vil førehandsinnkrevja, ikkje berre er kroner som går med til god planlegging, men eit tydeleg signal og noko som kan legga press på Stortinget til å halda trykket oppe på dette prosjektet. Viss vi vil ha Hordfast så skal vi støtta dette, sa Susanne Sperrevik (H).

Så forklarte Søviknes seg:

– Vi har hatt møtte med heile kommunestyregruppa, alle 14 medlemmane. For det første, Frp er imot bompengar, men vi har måtta inngå ein del kompromiss, det erkjenner vi. Nokre unntak kan gjerast, for å få store prosjekt gjennomført, blant desse er prosjekt som avløsyer fersjesamband. Møtet hadde vi onsdag i førre veke, gruppemøte, og dei to siste linjene i eit notat frå vegvesenet blei lagt vekt på. Der skriv dei at nettoinntektene av førehandsinnkreving ofte er små, og at det bør vurderast nøye om dette står i forhold til ulempa det er for bilistane, sa ordføraren i sitt første kommunestyremøte på nesten to år.

– Ulempa for bilistane er relativt høg auke i takst på ferjene, mens 150 millionar kroner er lite pengar i forhold til totalen på prosjektet, som er på over 30 milliardar kroner. Til no er det, i løpet av 10-11 år, brukt 1,1 milliardar på planlegging. Eg er med på at det kan vera ei viss vinning med å senda eit signal, men eg har både registrert at Halleraker (i Hordfast AS) seier til BA at manglande førehandsinnkrevjing ikkje vil bremsa prosjektet, og snakka med folk sentralt, som seier det same, forklarte Søviknes.

Staale Skaatun (H) ba om gruppemøte.

– Dette byrjar å bli ei komplisert sak. Vi gjekk inn for dette, og det var mi dobbeltstemme som drog dette i land på. Mi personlege meining er at arbeidet med Hordfast er på rett veg, og det arbeidet må vi støtta. Eg er skuffa over samarbeidspartnarane våre, men samtidig har Søviknes i dag teikna eit litt anna bilde av saka, sa Skaatun.

Då dei kom tilbake hadde dei fire representantane bestemt seg for å votera kvar for seg.

May Brit Haringstad kommenterte at ho synest det var uheldig at Frp har snudd, men at ho stemmer for deira forslag. Emil Brimsholm gjorde det same.

Skaatun og Sperrevik blei ståande ved vedtaket frå formannskapet.

– Eg er veldig skuffa over denne snuoperasjonen, og det at Frp hadde gruppemøte onsdag i førre veke, gjer saka endå meir skuffande, sa Susanne om samarbeidspartnar Frp.

• Med 34 (av 35) røysteføre fekk Frp sitt forslag 32 mot dei 2 stemmene frå Høgre.

• Gisle Hesjedal (Ap) hadde forslag om å, når Os ikkje skal støtta eit av Hordfast AS sine viktigaste formål, også å gå ut av Hordfast. Forslaget fekk 17 mot 17 fram til ordførar forkasta det med si dobbelstemme.

Latterleggjort av opposisjonen

Opposisjonen, som frå før deler Frp sitt syn om nei til førehandsinnkreving, nytta snuoperasjonen til å dela ut fleire lyskespark.

Etter at Torunn Øvredal (TvS) kom med det retorisk spørsmålet: «Du seier Frp har tapt nokre kampar, ser du det òg som eit tap når Frp har gått inn for bompengar, men så må snu?» - og Harald Døsen (Ap) hadde spurd om kva som ikkje var behandla godt nok i formannskapet, eller om ein måtte ha erfaring som statsråd for å forstå saka, var det tid for lengre innlegg med kritikk mot Frp.

– Det vi ser no er med på å svekka tilliten til politikarar. Frp, som går inn for bru og bompengar, og som så snur. Gustav Bahus, som har gått inn for brua, bompengane og førehandsinnkrevinga er ikkje kven som helst, han er leiar av Hordaland Frp og del av samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune. Han bør vera rimeleg godt oppdatert, ikkje sei meg at Søviknes kom heim og fortalte han noko han ikkje visste frå før, sa Glenn Erik Haugland (V).

Han heldt fram:

– Opplysingane Søviknes kjem med er ikkje så nye, dette er strategi, han kjem ikkje utanom det. Det nærmar seg val, og i morgon er det aksjon i Bergen mot bompengarar.

Gisle Hesjedal (Ap) hadde ein munter inngang.

– Eg hadde eit ferdigskrive innlegg frå i går, i dag tidleg var det gått ut på dato. Eg kunne kanskje ha retta det mot Høgre, men no ser jo dei ut til å snu, sa Hesjedal rett etter at Skaatun hadde bedt om gruppemøte.

– Gustav Bahus sa det så greit til ei avis i Bergen. «Vi har ikkje snudd, vi har berre skifta meining». Frp prøve å ro seg i land, men det trur eg ikkje dei klarer. Det som er kjekt er at dei i det minste ror i rett retning, sa Gisle.

Å lytta med respekt

Også Nils-Anders Nøttseter (MDG) hadde, ikkje uventa, krutt i posen.

– Eg stemmer med glede for Frp sitt forslag. Men utanom dette er det ikkje mykje glede igjen. Ingenting har endra seg sidan formannskapet. Dette er kjipt gjort ovanfor Høgre, eg forstår om dei no ønskjer å snu. Men det var tre frå Frp som var med på å sikra fleirtalet, vil desse tre koma fram og forklara seg, kva dei har fått av ny informasjon?

Vidare brukte Nøttseter ein av Os kommune sine levereglar, å lytta med respekt, som stikkord.

– De lyttar med respekt, men ikkje til opposisjonen. Desse argumenta er så tynne at du kan sykla gjennom dei. No forstår eg betre den totale fallitterklæringa Reiertsen kom med då det blei kjent at Søviknes skulle heim, ho blei så glad at ho skulle flagga!

Eirik André Hesthamar svarte at han lytta med respekt, i gruppemøtet med Frp.

Det gav Nøttseter meir vatn på mølla.

– Det var ei interessant avklaring: Når argumenta kjem frå éin stad, så blir dei ikkje lytta til, men frå ein annan stad så er dei plutseleg heilt ok.

Den einaste frå Frp som parerte angrepa nokolunde var Espen Aspenes.

– Dette burde vore ein jubeldag for opposisjonen, eg har vanskar med å forstå at MDG skal vera vonbroten i dag. Dei snakkar om taktikkeri og snuoperasjon. No skal saka vidare, til fylke og stat. Dei raudgrøne klarte ikkje bestemma seg, Høgre og Frp fekk stor oppslutnad sentralt, både Venstre og Ap går for ferjefri E39 og midtre trasé. Eg vil sjå om det er same lyd i lokalpolitikarane når dette skal vidare. Det handlar litt om å vera realistisk, nesten alle partia i denne salen går for bru over Bjørnafjorden.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.