Sport | 17. apr. 2016

Holdt stilen heilt ut

Osherrene leika seg i sesongens siste kamp og sendte Sotra 2 heim med 21-målstap.

Holdt stilen heilt ut
Osherrane showa og slo Sotra 33-12 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 17. apr. 2016 19:59

Det blei i allefall underhaldande, om ikkje så god handball, då Os tok i mot Sotra 2 til sesongavslutning i Oshallen søndag ettermiddag.

Os opna det heile med ein flygar av Arne Haugland, pent servert frå Jørgen Wold. Derfrå og ut var det aldri tvil om kor sigeren skulle hamna. Os var rett og slett mykje betre enn gjestene frå Sotra.

Til pause leia Os 14-8, uten å ha tatt seg heilt ut. I staden lot fungerande trener Hans Brunvatne unggutane få godt med speletid.

Keeperen skåra

Andre omgangen held fram som den første. Os leika seg. Etterkvart hang Sotra seg på leiken og varta opp med både flygar og med keeper i angrep. Kanskje ikkje det taktisk smartaste trekket. Det opna nemleg for at Einar Godø i Osmålet kunne sende ballen over heile banen og notera seg for sesongens første mål.

– Det viktigaste i dag er at vi held fokus når vi møter såpass ujamn motstand. Det er kjekt å sjå at ungdommane ikkje gjer seg vekk når dei får sjansen.

– Vi avsluttar sesongen med stil, oppsummerar Hans Brunvatne.

Os - Sotra2 33-12 (14-8)
Utv: Os ingen, Sotra 4x2 min
Os sitt lag: Einar Godø 1, Hans Brunvatne, Trygve Lerch Dahl 3, Jørgen Wold 4, Mats Brunvatne 2, Nils Andris Hamre 7, Arne Haugland 6, Ove Lyssand 3, Isak Røen 5, Sivert Egge Drange, Håvard Bjørnør, Ole Jørgen Olsen, Bendik Oen 2.

Os enda på 5. plass i herrenes 3. divisjon. Sjå tabellen her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.