Høgteknologi for helse og elektro på Os vgs
Skal bygga og innreia moderne omsorgsbustad på skulen - til bruk i undervising av både elevar og tilsette i Os kommune.
Fredag 1. mars er det søknadsfrist for ordinære elevar til vidaregåande opplæring i Hordaland (sjå hordaland.no).
På Os vidaregåande skule er dei spesielt spente på søkjarmengda innan elektrofag og helse- og oppvekstfag.
Det er det to årsaker til:
1. Os vgs er blant tolv skular i Noreg som får tildelt smarthus-komponentar (for 185.000 kroner) og kursing av lærarar i programmering av smarthus.
2. Os vgs har nyleg inngått samarbeidsavtale med Os kommune, som igjen nyleg har valt Atea som leverandør i ny satsing innan velferdsteknologi (les meir på bjornafjordenkommune.no).
– Avtalen inkluderer både elektrofag og helse- og oppvekstfag hos oss, seier assisterande rektor Inger-Elin Epland.
Bygger moderne omsorgsleilegheit på skulen
Os vgs skal gjennom våren bygga og utrusta ein moderne omsorgsbustad på skulen i Kolskogen.
– Denne skal brukast både i undervising og av Os kommune, til opplæring av tilsette, fortel Epland.
Tre tilsette ved skulen, éin frå elektrofag og to frå helse- og oppvekst, skal på vidareutdanning.
Betre rusta for arbeidsmarknaden
Bustaden skal både ha utstyr som er i bruk i dag, og utstyr som kjem i framtida.
– Det ligg an til å koma krav om meir praksis-nær undervising i komande skulebruksplan, også her er vi tidleg ute.
– Dette vil gi ei meir relevant og meir interessant undervising, samtidig som elevane blir betre rusta når dei skal ut i arbeidsmarknaden.