Høgsesong for Kjølen
Politibåten var på tokt i Os i dag.
På blikkstille fjord i godt over 20 gradar fekk Petter Hordnes og Mathilde Wergeland ein god dag på jobb om bord i politibåten Kjølen tysdag.
– Vi har vore i Austevoll og rundt Tysnes. Det var stor båttrafikk i helga, spesielt i Bergen, men det har vore få båtar å møta og ingenting å setja fingeren på til no i dag.
– Men det kjem nok fleire utpå i ettermiddag. No skal vi ut til Søre Øyane ein tur, før vi mønstrar av og overlet båten til neste skift, sa politibetjent Hordnes til Midtsiden i Os hamn tysdag formiddag.
Kjølen er på sjøen heile året, men om våren er det opptrapping og tilnærma døgnbemanning.
– Vi blir nok ofte å sjå i skjergarden i Os i sommar.
– Vannskuter-reglane gjeld framleis
Promille og fart er blant det politiet har fokus på til sjøs. Samtidig har det blitt fleire og fleire vannskuterar å møta på.
– Fleire av desse seier dei ikkje er kjent med kartet som viser kvar dei kan køyra.
Før helga kom regjeringa med forslag om å gjera vannskuter sidestilt med fritidsbåt. Forslaget skal ut på høyring.
– Regelverket er gyldig fram til noko anna eventuelt blir vedtatt, presiserer Hordnes.
Det betyr blant anna at du skal halda deg 400 meter frå land og ha maks 5 knop om du skal til eller frå kai eller bunkring.