Høg kostnad for å setja Fjellheim i stand
Anbefaler å slå frå seg at Oseana overtar drifta, og heller legger eigedomen ut for sal igjen.
I mars i år avviste Os kommune bod på 6 millionar kroner på Fjellheim, frå Glass & Tre AS, ved Rolf Lunde.
I samband med eiigedomsutvalet si behandlinga av boda som kom inn, kom det opp spørsmål om ikkje Oseana kunne gjera ein moglegheitsanalyse med kostnadar for å få bygget opp til dagens standard. Denne moglegheitsanalysen er no gjennomført av Oseana med bistand frå Rambøll.
Rambøll har gjennomført ein grov kostnadskalkyle som skildrar kva tiltak som er naudsynte for å setja bygningane på eigedomen i forskriftsmessig stand for bruk til kulturformål.
Prosjektkostnaden landar på 25,4 millionar kroner.
Dei største kostnadane er bygningsmessige, til 8,9 millionar, VVS til 3,6 millionar og elektrisk anlegg til 2,4 millionar kroner.
I tillegg kjem eventuell oppussing av vaktmeisterbustaden, som får ein pris på 3,6 millionar kroner.
« I tilstandsrapporten er det påvist fukt og soppskader, som vi antar er knyttet til mangelfull dreningen av yttervegger under terreng og mangelfull ventilering. Det er også kommentert spor etter fuktskader i tak» skriv Rambøll i rapporten.
... og held fram:
«Med unntak av etablering av nytt ventilasjonsrom, har vi lagt til grunn at det er ikke er nødvendig å foreta omfattende endringer i byggets planløsning. Nye planer for bruken av bygget kan endre på denne forutsetningen.»
Verdt å ta vare på?
Byantikvaren i Bergen seier, i ein kulturminnefaglet uttale, at Fjellheim ikkje har formell vernestatus, men at Fjellheim har ein svært høg kulturhistorisk verdi. Byantikvaren anbefalar Os kommune å ta vare på bygningen sitt eksteriør og materialitet, mens opnar for større endringar innvendig tilpassa ny bruk av bygget.
Rambøll skriv dette om bygningane i sin rapport:
Byggene bærer preg av sin alder og at det i en lengre periode har stått ubrukt. Det er i tilstandsrapporten påvist en del fukt og soppskader, samt spor av eldre fuktskader i tak. Vi vil derfor anbefale at det foretas utbedringer av hele bygningsskallet. Dette omfatter ny drenering ved vegger mot terreng, opprusting av fasader, inkludert nye dører og vinduer, samt rehabilitering av tak.
Tekniske installasjoner for VVS, elkraft og automasjon er utgått på dato, og det anbefales at disse anleggene byttes ut. Innvendig er det antatt at store deler av vegger, gulv og himlinger må åpnes i forbindelse med utbedring av sopp og fuktskadene, samt etablering av nye tekniske anlegg.
Det er derfor hensiktsmessig å gjennomføre oppgradering av innvendige overflater for gulv, vegger og himling. På grunn av omfang og avhengigheter mellom disse arbeidene, er vår anbefaling at hele kulturhuset utbedres i ett byggetrinn.
Anbefaler å selja eigedomen på den opne marknaden
I møte i formannskapet komande fredag skal saka opp til behandling.
Rådmannen si innstilling, på bakgrunn av denne kalkylen, er at formannskapet opprettheld vedtaket om sal av Fjellheim i den opne marknaden og at ein ikkje går vidare med ytterlegere analyser av bygget.
Administrasjonen sitt framlegg til vedtak:
«Os formannskap tek moglegheitsstudien vedk. Fjellheim til orientering. Formannskapet stadfestar Os kommunestyret sitt vedtak av 20. februar 2018, sak 10/2018, kor eigedomsutvalet får fullmakt til å selje Fjellheim, gnr 52, bnr 47 etter dei prinsipp som er vedteke i kommunestyresak 28/2016.»