Sport | 10. mars 2013

Høg aktivitet med STIL

Ulvenmarsjen, Bergen Fjord Tour og Langedalen opp. Den gjenoppståtte friidrettsgruppa på Søfteland er ikkje redd for å ta i eit tak.

Høg aktivitet med STIL
Einar Vevatne og Erling Andersen er ivrige drivkrefter bak friidrettsgruppa på Søfteland (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 10. mars 2013 11:12

Friidrettsgruppa i Søfteland Turn og Idrettsforening (STIL) har ei historie heilt tilbake på 20-30-talet, men blei lagt brakk på midt på 70-talet.

Hausten 2009 fekk Erling Andersen med seg Einar Vevatne som trenar i gruppa og slo den saman med ganggruppa i idrettslaget.

- I dag tel gruppa omlag 50 medlemmar, kor 25 av dei er aktive utøvarar, fortel Andersen.

Bør ikkje trene spesifikt før 15

Dei aktive utøvarane er alle over 15 år gamle og driv kappgang, sprint, mellomdistanse, maraton, motbakkeløp, lengdehopp og kast.

- Aldersgrensa har vi satt fordi eg meiner du ikkje bør driva spesifikk trening før du er 15.

- Alle ungar og ungdommar bør drive allsidig, gjerne med fleire typar idrett, forklarar Einar Vevatne.

Rom for alle

Friidrettsgruppa trenar fire fellestreningar i veka, samt noko eigentrening på enkelte av utøvarane.

- Det er ikkje slik at alle trenar alle fire fellesøktene. Nokre trenar ein til to gonger i veka fordi det er det dei rekk.

- Kombinasjonen trening og jobb/skule er ikkje alltid lett å få til å gå opp, men om nokon treng å ta det roligare, eller treng ei pause, så er dei like velkomen som dei som trenar alle øktene, smilar Vevatne som har tatt med seg filosofien frå tida han var ung skeiseløpar i Fana og kanskje ikkje blant dei som var mest stabile i treningsframmøte.

Høgt aktivitetsnivå

Den relativt ferske friidrettsgruppa på Søfteland har allereie markert seg i nasjonale stemner og kjem til å få sjansen igjen denne sesongen.

- Vi håpar å få med utøverar i NM for seniorar, NM for veteranar, Nordisk meisterskap i kappgang, NM i motbakkeløp, NM i terrengløp, NM junior, UM og maraton/halvmaraton i løpet av sesongen.

- I tillegg stiller vi sjølvsagt på ei rekkje lokale nasjonale stemner og kretsstemner, fortel Erling Andersen.

- Ein treningsleir har vi òg fått til, mykje takka vera Erling, treningsleir i Strandebarm og aktivitetsleiarkurs innan friidrett helga 5. - 7. april, skyt Vevatne inn.

Påmeldinga til kurset er allereie god, men dei har framleis plass til fleire fortel dei to eldsjelane.

Rutinerte arrangørar

Sjølv om friidrettsgruppa er realtivt nystarta, er det ein rutinert gjeng arrangørar som er involvert.

For 35. gong arrangerar dei Ulvenmarsjen 20. og 21. april, for 33. gong arrangerar dei opningsstemnet i kappgang 7. april, i tillegg til NM i kappgang første helga i juni.

- I tillegg er vi teknisk arrangør av Bergen Fjord Tour som er ein del av Knarvikmila.

- Det er ein turmarsj på 27 kilometer frå Bryggen i Bergen til Knarvik Stadion kor vi har ansvaret for alt frå start til mål med løypemerking, drikkestasjonar og vakthald.

- Det tek naturlegvis mykje tid, men er ei kjekk oppgåve og ei viktig inntektskjelde for gruppa, forklarar Andersen.

- Ei draum av ein leiar

Vevatne fortel at Erling Andersen på det komande årsmøte i friidrettsgruppa gir seg som leiar av gruppa etter fire år i leiarstolen og fleire år som styremedlem.

- Det har vore ein draum å jobba med Erling.

- I mine 20 år som trenar i fleire klubbar har eg aldri vore borti ein leiar som i så stor grad har skjønt idretten som det Erling gjer.

- Har vi hatt ei utfordring, så har det berre vore å ta ein telefon til han, så har han kome med forslag til ei løysing.

- Erling er definitivt ein handlingens mann og ein god kar å støtte seg på, skryt Einar Vevatne ved inngangen til ein ny utandørssesong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.