Politi | 09. jan. 2023

Hjort påkøyrd på Ulvenvegen

Politiet oppsummerer helga.

Hjort påkøyrd på Ulvenvegen
Hjorten skal ha blitt påkøyrd nær flystripa på Vaksinen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 09. jan. 2023 09:14

Måndag i 06.50-tida køyrde ein bil på ein hjort på Ulvenvegen.

– Verken bil eller hjort skal ha sett skadd ut etterpå, men viltkontakt er varsla, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Ulvenvegen går forbi fleire stadar med fare for kryssande dyr, frå Svegatjørn til Kloppamyra.

Uhellet måndag morgon skal ha skjedd nær flystripa på Vaksinen.

I helga fortalte vakthavande om to bilførarar som blei stoppa, der begge er i 30-åra og utan førarrett.

Den eine er mistenkt for å ha vore ruspåverka.

Søndag morgon hadde politiet promillekontroll i Irtgenskrysset, krysset mellom Ulvenvegen/Strønevegen og Skeisflaten.

– Patruljen sto på staden frå klokka 09.30 til 11. 33 bilførarar blei kontrollerte, patruljen fann ikkje noko å reagera på.

Lågthengande fiber

Fredag i 14-tida var politiet på Søfteland,

– Det kom melding om nokre straumleidningar som hang lågt over vegen, og mogleg var til hinder for større køyretøy. BKK kom også til staden og fekk laga ei midlertidig sikring av leidningane, som viste seg å vera fiberkabel.

Førar og firma blei meldt

Vegvesenet hadde også kontroll i Os i går, på kontrollplass ved Svegatjørn.

Ein lastebil hadde med seg ADR-gods utan at oransje fareskilt var montert. Førar hadde heller ikkje ADR-kompetanse.

Det blei gitt bruksforbod, og transportør og førar er politimeldt.

I tillegg fekk to køyretøy teknisk mangel og det blei sendt ein rapport til Skatteetaten for ikkje betalt vektårsavgift.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.