Hjelpte jenter av isen
Politiet åtvarar mot at ikkje alle islagte vatn er like trygge. Tysdag bisto dei jenter på isen i Oselvo.
Sjølv om det er kalde netter og is på mange vatn og elve/bekkefar åtvarar politiet mot at ikkje alle områder er like trygge.
- I går ettermiddag bisto vi nokre jenter som hadde tatt seg ut på isen på Oselvo ved Finnebrekka.
- Vi fekk losa dei på land og tatt en prat med dei. Jentene lova at dei ikkje skulle gå utpå der igjen, fortel politibetjent Tom Johannessen.
Ver varsom
Sjølv om isen på Ulvenvatnet og Banktjørna før helga blei målt til å vera trygge ber politiet folk vera forsiktige.
- Det er eindel opne områder og stader med utrygg is både i elver og andre vassdrag.
- Eg vil berre nytta høve til å be folk vera forsiktige, avsluttar Johannessen.