Fotball | 29. okt. 2012

Hjelpa kom fram

Då Bjørn Mjelva reiste til Norway Cup med gutelaget til Os i sommar, var det med ekstra stor bagasje. No har han fått takk for 100 ballar til brasilianske Karanba.

Hjelpa kom fram
Store smil og nye ballar på plass på banen i Brasil. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 29. okt. 2012 22:32

Det var under Norway Cup i 2011 at osingen Bjørn Mjelva blei kjent med Tommy Nilsen og Karanba-prosjektet hans i Rio de Janeiro.

Bjørn er imponert over kva Nilsen får til med ungar frå slummen i den brasilianske storbyen og bestemte seg for å hjelpa.

Les òg: Gjev ballar til Brasil

Med 100 ballar i bagasjen reiste han til Norway Cup, der førstelaget hans tok seg til kvartfinale, og han sjølv fekk møta Tommy Nilsen og spelarane hans for å overrekka gåva.

Nytt møte førre helg

– Vi fekk levert nesten alle hundre, det siste ballnettet tok eg med då eg førre helg møtte Karanba-gjengen i Haugesund, der dei spelte turnering.

– Det var like fantastisk som i Oslo å sjå gleda spelarane viste då dei fekk nytt utstyr.

Plan B er viktig

– Eg fekk også sjå bilde av spelarane på trening heime i Brasil i haust, med dei nye ballane, og eg fekk delta på eit spelarmøte.

Mjelva er ikkje så stiv i portugisisk, men han forsto hovudbodskapen.

"Fotball betyr mykje, men utdanning betyr meir".

– Uansett kor god du er må du ha ein plan B, du veit aldri kor tid karriera på banen er over. Det gjeld alle stadar, men kanskje spesielt om du kjem frå vanskelege kår, seier Bjørn Mjelva.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.