Hip-hop-feber på Haugland
Daniel Fagerlid Andreasson (15) trener 60 ungar i dans. Laurdag var det oppvising.
Daniel Fagerlid Andreasson, som fyller 16 år i haust, har fylt ungdomshuset på Haugland med dansarar frå barnehagealder til ungdomsskule.
Daniel deltok på Norske Talenter i 2013, med første audition i Oseana, og opna ein flashmob til The Fox i Bergen som er sett over ein millionar gongar på YouTube.
– Eg byrja å dansa då eg var 12 år, på B'hip hop Dansestudio og på Rock n Rolf Danseskole i Bergen, og så har eg dansa mykje saman med Henrik Nordin frå Mixmaster Cru, fortel Daniel.
Dei siste åra har han vore instruktør for Søre Neset ungdomslag sine dansekurs for born og unge. Der er det no heile 60 medlemmar.
– Det blir ikkje gjort mykje lekser om tysdagen
Kvar tysdag underviser Daniel tre parti med unge hiphoparar.
– Dei to eldste trinna i barnehage er éi gruppe, 1. til 4. klasse er neste. Det tredje partiet er frå 5. klasse og opp, fortel Daniel, som har heile tysdag ettermiddag og kveld i ungdomshuset på Haugland.
– Med dei yngste så handlar det mykje om enkel rytme og rørsle til musikk. Vi bruker mykje leik mens musikken går, då er det lettare å sleppa seg laus.
Semesterslutt for fullsett sal
I april-mai plar vårsemesteret å rundast av og laurdag hadde dansegruppa til Søre Neset ungdomslag avslutting med oppvising for foreldre, søsken og besteforeldre.
– Vi har aldri hatt så mange dansarar som no. Vi har aldri hatt så mange på oppvising før heller. Det var kjempegøy, seier Daniel.
Han viste parti for parti og sto sjølv på golvet nedanfor scenen som sufflør på nokre av dansenummera. Så fekk han med seg Henrik Nordin på scenen for eit ekstra fartsfylt innslag.
Som imponerande ekstranummer dansa Daniel saman med ein av elevane, Karoline Olsen, som fyller 10 år til hausten.
– Eg byrjar på vidaregåande skule til hausten, men held meg i Os og startar opp igjen dansegruppene i september, fortel Daniel.