Heva snekke og hindre oljesøl
Os brannvesen med reningsdykkarar samarbeidde med arbeidsbåten Molly under isen på Drange søndag.
Søndag morgon blei det oppdaga at ei plastsnekke på rundt 30 fot hadde gått under vatn på Drange.
– Dei var redde for at båten skulle ta med seg flytebrygga under vatn, så dei kappa fortøyingane før vi kom fram, fortel varabrannsjef Arne Monsen.
Det var mykje drivstoff i båten og noko av det lak ut.
– Men det samla seg fint under isen, og eingongs-lensene vi bruker tok unna mykje.
Heva og fjerna
Samba AS kom til med arbeidsbåten MS Molly. Os brannvesen sine dykkarar, som laurdag kveld gjorde seg klare til å henta ein mann som ramla på sjøen i Os hamn, fekk bryta overflata i dag.
– Dei heva båten på null komma niks og vi brukte berre eit kvarter på å lensa den. Så lempa dei den på dekk og køyrde til basen sin på Amundsneset på Sundøy, fortel Monsen.
Lenser ligg framleis ute. Os brannvesen skal til Drange for å sjekka status måndag morgon.
Oppdatert måndag formiddag: Det ser greit ut i Drangsvågen, med unntak av noko ubetydeleg shine i overflata, og brannvesenet avsluttar på staden.