Her rauk NM-tittelen
Erik Tysse tapte NM-tittelen på 20 km landeveg på heimebane søndag etter 18 kilometer. Truleg forsvann òg OL-billetten til Rio.
Søfteland TIL arrangerte søndag NM i kappgang landeveg inne ved Hatlelia. Eit område Erik Tysse kjenner som si eiga baklomme og som kunne gje han heimebanefordel i kampen mot allereie OL-klare Håvard Haukenes frå Gular.
Sterk start
Erik såg sterk ut i starten og gjekk ut med eit tempo på 4.03, 4.00 og 4.02 på kvar av dei tre første kilometrane.
– No er han på offensiven. Han ser bra ut, det ser du på overkroppen og kroppsspråket, fortalde trenar Stephan Plätzer.
Men etter seks kilometer byrja det å butta for Tysse. Kilometertidane gjekk opp i 4.13-4.15 og held fram med å stiga til rundt 4.36 på dei fire siste kilometerane.
For å klare det særnorske OL-kravet på 1.22.00 måtte han ligga på 4.06 i snitt.
– Det er ein heilt anna Erik vi ser no enn i starten av løpet. Eg skjønner ikkje heilt kva som skjer. Formen hans er så god at han skulle kunne klare å gå ned mot 1.20.00, kommenterte Plätzer.
Blei tatt att
Den sterke starten gjorde òg at Tysse skaffa seg ei god luke til Håvard Haukenes og gårdagens noregsmeister på 10 km bane, Fredrik Vaeng Røtnes frå Tromsø, men utover i løpet held Haukenes det høgste tempoet. I det dei passerte 18 kilometer passerte Haukenes Tysse og gjekk inn til siger på 1.25.44. Tysse blei nummer to på 1.26.18 og Røtnes nummer tre på 1.31.42.
– Eg prøvde det eg kunne og kav på i begynnelsen. Etterkvar kjente eg at eg blei sur i muskelaturen og hadde nok med å freiste å sikre meg sigeren. I tillegg sleit eg med å få nok luft ned i lungene, fortel Erik Tysse i den sterke sommarvarmen på Hatlelia.
Hadde ikkje noko å svare med
– Frå 10 kilometer og inn var det ein kamp om å fullføra. Eg prøvde å gå fortere nokre 100 meter for å få tankene over på noko anna, men det hjalp ikkje.
– Kva tenkte du då Haukenes tok deg att?
– Eg var så stiv at deg ikkje hadde noko å svare med. Eg prøvde, men det gjekk ikkje.
Truleg gjekk OL-toget
Tysse har klart dei internasjonale krava på 1.24.00 om å delta under OL i Rio, men har ikkje gått på det særnorske kravet på 1.22.00 i inneverande sesong.
– Eg har vore under 1.22 to gonger sidan 1. mai i fjor, og meiner eg har vist at eg har det inne også denne sesongen, men eg trur nok at eg likevel ikkje blir teken ut. Neste uttak er om 14 dager, før det siste uttaket er 11. juli. Skulle eg bli tatt så veit eg ikkje heilt korleis vi skal gjera det. Vi burde vore på høgdetrening i Flagstaff allereie før neste uttak, men det spørs om klubben vil sende meg dit uten at dei veit eg er OL-klar. Tida byrjer å bli knapp, konkluderer Erik Tysse og trenar Stephan Plätzer.
10 Kilometer kvinner blei vunnen av Josefin Greiff frå Tønsberg Friidrettsklubb.