– Her må vi tilbake
Vegvesenet tok fleire syndarar enn dei håpa på då dei hadde trafikkontroll i Os sentrum torsdag. I tillegg tok dei ein varebileigar som risikerer ei stor ekstraavgift på bilen.
I går var vegvesenet i Os for å kontrollera bruken av bilbelte.
I to økter på til saman litt under 3 timar tok dei 14 utan bilbelte av 526 kontrollerte bilistar.
– Vi hadde forpost ved Statoil og kontrollerte berre trafikken frå nord/Bergen, seier Birger Lønne frå Statens vegvesen.
– 14 utan bilbelte synes eg er mange, her må vi snart tilbake og sjå om vi får talet ned, legg han til.
Med 1500 kroner per gebyr blei det skrive ut for til saman 21.000 kroner i Os sentrum i går.
Med større kostnad i vente?
I tillegg til bilbelte blei ein varebil kontrollert.
– Den er registrert som varebil, men veggen var flytta, seier Lønne.
Saka blir følgt opp av Tollvesenet.
Bileigar risikerer å måtta betala avgift som om bilen er personbil, ei avgift som ifølgje ein artikkel i Aftenposten truleg vil ligga på mellom 50.000 og 300.000 kroner.
Dette avhenger i så fall av blant anna storleik og årsmodell på bilen. Ifølgje vegvesenet var det ein eldre bil som i går blei kontrollert i Os, så om Tollvesenet vil krevja ei avgift av eigar blir den truleg langt lågare enn i eksempelet frå Aftenposten.