Her kjem restaurant
Lehrmann har fått ny leietakar.
I slutten av oktober i fjor, etter 22 år med butikk i Os sentrum, gjekk Lehrmanns TV & Radio konkurs.
Eigar Leif Idar Røen driv i dag parabolservice frå eige firma, ved sidan av å jobba som dagleg leiar i Os Turn handball og fotball.
Lokalet blei seinare pussa opp. No er også fasaden tatt, men det er ikkje berre for å pynta til 17. mai.
Kort tid med tomt lokale
Lokalet, som er eigd av Tore Lehrmann, blei ikkje ståande tomt lenge.
– Det stemmer, ny leigetakar er på plass, stadfestar Lehrmann.
Huseigaren seier leigetakaren vil driva restaurant på gateplan i lokalet i Telthuskvartalet.
Thaimat?
Ryktet seier at det er thailandsk mat som er på veg inn, men det vil ikkje Lehrmann kommentera enno.
Kor tid det blir opning er førebels uvisst.
– Leigetakar jobbar med å få alle formalitetar i orden, så skal lokalet innreiast.
Rett type
Tore er nøgd med at lokalet blei leigd ut så raskt, og at det blei restaurant som erstatta tv- og radiobutikken.
– Eg trur det blir livleg i Os sentrum i åra som kjem, med fleire nye bustadar rundt Øyro og ny veg mellom Bergen og Os. Og eg trur restaurant og opplevingar rundt hamna blir framtida til sentrum, seier Tore Lehrmann.
Leigetakaren er frå Bergen.