– Her kjem det til å smella
Naboar til ei hamn i Forstrønesundet åtvarar mot ny brygge.
Hamna for hytteeigarar og gjestar på Skorpo er utvida.
Hamna ligg i Lønnevågen i Nordstrøno, på innsida av Forstrøno, og blei utvida med nye flytebrygger rundt juletider.
Dei siste dagane har Midtsiden fått melding frå fleire som er urolege for tryggleiken for forbipasserande etter at dei nye bryggene kom.
– Nesten halve sundet er sperra og det er ingen lys på bryggene, seier ein innringar.
Når det ligg få båtar på dei ytste bryggene blir dei dessutan endå vanskelegare å sjå.
– Dette er eit trafikkert sund og spesielt blant småbåtar er det fleire som held høg fart forbi.
– Ytste del av brygga er vanskeleg å sjå, her kjem det til å smella om ikkje brygga blir betre merkt.